Semipalatinsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Semipalatinsk
Horisonten til Semipalatinsk
Horisonten til Semipalatinsk
Byvåpenet til Semipalatinsk
Byvåpenet til Semipalatinsk
Styresmakter
Land
Oblast
Kasakhstan
Aust-Kasakhstan oblast
Grunnlagd 1718
Akim Meiramkhat Ainabekov
Geografi
Flatevidd 210 km²
Flatevidd
 - By

210 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)

298 100
Koordinatar 50°26′″N 80°16′″EKoordinatar: 50°26′″N 80°16′″E
Tidssone BTT (UTC+6)
Diverse anna
Postnummer F1*****
Telefon-retningsnummer +7 7222
Bilnummer F, U, 16
Plassering
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan

Semipalatinsk (kasakhisk Семей, Semej) er ein by i Kasakhstan nordvest i Aust-Kasakhstan oblast, nær grensa til Russland og Sibir ved elva Irtysj. Han ligg rundt 1000 km nord for Almaty og 700 km søraust for den russiske byen Omsk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første busetnadane her kom då russarane bygde eit fort ved side av Irtysj i 1718, nær ruinane av eit buddhistkloster. Dei sju bygningane i klosteret gav namnet til fortet (og seinare byen). På russisk tyder Semipalatinsk «Byen med sju kammer». Fortet vart ofte råka av flaum på grunn av at snøsmeltinga ofte førte til auka vassføring i Irtysj og i 1778 vart fortet flytta 18 km lenger opp i elva. Det voks etter kvart ein liten by rundt fortet, som gav ly til dei mange nomadane i Sentral-Asia og handelsmenn i Det russiske keisardømet som reiste på og langs elva. Då den turkestan-sibirske jernbanen vart lagt til byen vart han eit stort senter mellom Sentral-Asia og Sibir.

Ny bru i Semipalatinsk

I 1959 vart det oppretta ein stad for atomprøvesprengingar 150 km vest for byen av sovjetarane. I fleire tiår var den hemmelege byen Kurtsjatov, kalla opp etter Igor Kuratsjov som utvikla den sovjetiske atombomba, sentrum i testområde der mange sovjetiske vitskapsfolk heldt til. Sovjetunionen opererte Semipalatinsk teststad frå 1949 til 1989. Det vart utført 456 testar, 349 under bakken og 116 i atmosfæren.

Semipalatinsk har i dag eit alvorleg miljø- og helseproblem på grunn av radioaktivt nedfall etter testane som vart utført over bakken og ukontrollert eksponering for arbeidarane som arbeida der og som stort sett budde i byen. Byen og dei omliggande landsbyane har derfor mange tilfelle av kraft, leukemi hos born, impotens og fødselsskadar[1]

I dag er Semipalatinsk ein travel universitetsby med nær 300 000 innbyggjarar. Sidan han ligg nær den russiske grensa og mange utlendingar i dei vitskaplege miljø tilknytt universitet har han større russisk preg enn andre kasakhstanske byar.

Det tidlegare oblastet som òg heitte Semipalatinsk vart slått saman med det større Aust-Kasakhstan oblast, der Ust-Kamenogorsk er hovudstad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]