Sensur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sensurering av ei avis i Portugal i 1970.
«Sensur» kan også visa til vurderinga av ein eksamen utført av ein sensor.

Sensur er ei handling som held noko igjen frå allmugen, til dømes informasjon, bilete eller ytringar. Ordet blir mest brukt om desse handlingne utført av offentlege styresmakter, men kan også dreia seg om til dømes handlingar innan ei verksemd eller om éin enkeltperson, såkalla sjølvsensur. Årsaker til sensur kan vera at visse ting blir omfatta av tabu, kan avsløra viktige løyndommar, setja nokon i eit dårleg lys eller liknande. Både ytringsfridom og tilgang til informasjon er viktige demokratiske prinsipp, og opne samfunn er derfor forsiktige med sensur, som ein i staden gjerne set i samband med totalitære samfunn og propaganda.

Politisk sensur[endre | endre wikiteksten]

Politisk sensur er mest utbriedd i diktatur og totalitære statar, som fachistiske og kommunistiske statar, men autoritære regime sensurerer òg ofte tilgangen til media. Det hender òg at demokratiske statar vert freista til å nytta sensur. Dette skjedde til dømes i Storbrittania då regjeringa, i perioden oktober 1988 til september 1994, ikkje tillet at stemmen til medlemmar av Sinn Fein vart kringkasta[1]. Forbodet omfatta fleire nordirske organisasjonar, men vart i samtida sett på som retta mot Gerry Adams.

Sensur av Internett[endre | endre wikiteksten]

Internett har ført til at det er vanskelegare å sensurera nyheiter, med fleire regjeringar filtrerer tilgangen til internettsider dei ikkje vil at innbyggarane skal ha tilgang til [2]. Kina [3] og Iran [4] er eit typiske døme på dette. Andre døme er Tyrkia som freista å legga press på Twitter [5] og USA som i 2013 blokkerte tilgang til den britiske avisa The Guardian frå militære basar, for å hindra tilgang til artiklar om varslaren Edward Snowden [6][7].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Welch, F., The 'broadcast ban' on Sinn Fein, 5/4-2005.
  2. Giæver, O.P., Kraftig økning i nettsensur, abs nyheter, 9/12-2008.
  3. Amundsen, G., Økt Internett-sensur i Kina, Aftenposten.no, 8/6-2009.
  4. Aamo, V., Iran stenger portene for digital kommunikasjon, Hardware.no, 11/3-2013.
  5. Turkey heads for Twitter showdown after anti-government protests, The Guardian, 27/6-2013.
  6. Amerikanske soldater nektes adgang til The Guardian, Nrk.no, 29/6-2013.
  7. Vedeler, M., The Guardian blokkert av USAs forsvarsdepartement, Aftenposten.no, 28/6-2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]