Sentinel Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 78°10′S 85°30′W
Sentinel Range
fjellkjede
none  Plasseringa til Sentinel Range i Vest-Antarktis
Plasseringa til Sentinel Range i Vest-Antarktis
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Grensar til Heritage Range
stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 78°10′S 85°30′W
Høgaste punkt Vinson Massif
 - høgd 4 892 moh
 - koordinatar 78°31′31.74″S 85°37′01.73″W
Lengd 185 km
Breidde 48 km
Administrert under Antarktistraktaten
Vinson-Map.jpg
Sentinel Range is located in Antarktis
Sentinel Range (Antarktis)

Sentinel Range er ei stor fjellkjede som strekkjer seg nordover frå Minnesotabreen og utgjer den nordlege halvdelen av Ellsworth Mountains i Antarktis. Fjellkjeda strekkjer seg 185 km frå nord-nordvest til sør-søraust og er 24 til 48 km brei. Fleire av toppane er over 4000 meter over havet og Vinson Massif (4892 moh) sør i fjellkjeda er det høgaste punktet i Antarktis.[1]

Fjellkjeda vart oppdaga og fotografert frå lufta den 23. november 1935 av Lincoln Ellsworth som namngav ho etter den markande plasseringa som eit landemerke i eit elles isdekt landskap. Sentinel tyder «kjennemerke» på engelsk. Fjellkjeda vart først vitja og delvis kartlagd i januar 1958 av laget som kryssa Marie Byrd Land, leia av Charles R. Bentley. Heile fjellkjeda vart kartlagd av USGS frå flyfoto teken av U.S. Navy, 1958-61.[1]


Fjell[endre | endre wikiteksten]

Fjell Meter
Vinson Massif 4892
Mount Tyree 4852
Mount Craddock 4368
Mount Bentley 4245
Mount Ostenso 4180
Mount Giovinetto 4090
Mount Goldthwait 3815
Mount Davis 3800
Mount Dalrymple 3600
Mount Hale 3595
Mount Atkinson 3300
Mount Alf 3200
Mount Milton 3000
Mount Dawson 2695
Mount Ulmer 2775
Mount Levack 2670
Mount Inderbitzen 2600
Mount Segers 2460
Mount Reimer 2430
Mount Schmid 2430
Mount Wyatt Earp 2370

Mount Alf[endre | endre wikiteksten]

Mount Alf er eit fjell med ei høgd på over 3200 moh mellom Mount Sharp og Mount Dalrymple nord i Sentinel Range. Det vart kartlagd under Marie Byrd Land Traverse, 1957-58. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Edward A. Alf, som var meteorolog på Byrd-stasjonen vinteren 1957.[2]

Mount Atkinson[endre | endre wikiteksten]

Mount Atkinson er eit markant fjell 6 km vest-sørvest for Mount Craddock. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi av U.S. Navy, 1957-60. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Richard C. Atkinson, direktør i National Science Foundation 1977-80.[3]

Mount Bentley[endre | endre wikiteksten]

Mount Bentley er eit fjell (4245 moh) 2 nautiske mil nord for Mount Anderson vest i Sentinel Range. Det vart oppdaga under Marie Byrd Land Traverse 1957-58, og kalla opp etter dr. Charles R. Bentley, leiaren under reissa og seismolog ved Byrd-stasjonen, 1957-59.[4]

Mount Dalrymple[endre | endre wikiteksten]

Mount Dalrymple er eit fjell mellom Mount Alf og Mount Goldthwait nord i Sentinel Range. Det vart kartlagd under Marie Byrd Land Traverse 1957–58 og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter Paul C. Dalrymple, som var meteorolog ved Little America V i 1957 og Amundsen-Scott-stasjonen i 1958. [5]

Mount Davis[endre | endre wikiteksten]

Mount Davis er eit fjell som ligg 1,6 km nord for Mount Bentley og 2,4 km søraust for Mount Hale. Det vart oppdaga under Marie Byrd Land Traverse 1957–58, og kalla opp etter Leo E. Davis, som var geomagnetikar og seismolog ved Byrd-stasjonen i 1957.[6]

Mount Dawson[endre | endre wikiteksten]

Mount Dawson er eit skarpt, pyramideforma fjell som ligg 4 km nordvest for Mount Reimer. Det vart oppdaga under Marie Byrd Land Traverse Party, 1957–58, og kalla opp etter major Merle R. Dawson (d.1986), USA, leiaren for Army-Navy Trail Party som oppretta ei snørute her frå Little America V til Byrd-stasjonen i november–desember 1956. Han hadde sidan fleire roller i Antarktis.[7]

Mount Giovinetto[endre | endre wikiteksten]

Mount Giovinetto er eit fjell (4090 moh) 3,5 km nord for Mount Ostenso langs hovudryggen av Sentinel Range. Det vart oppdaga av under Marie Byrd Land Traverse, 1957-58, og kalla opp etter Mario B. Giovinetto, glasiolog ved Byrd-stasjonen i 1957.[8]

Mount Goldthwait[endre | endre wikiteksten]

Mount Goldthwait er eit markant fjell (3815 moh) som ligg 4,5 km sør for Mount Dalrymple. Det vart oppdaga under Marie Byrd Land Traverse Party, 1957–58, og kalla opp etter Richard P. Goldthwait, konsulent og glasiolog under planlegginga for dei amerikanske operasjonane under Det internasjonale geofysiske året og sidan direktør for Polarforskingsinstituttet ved Ohio State University.[9]

Mount Hale[endre | endre wikiteksten]

Mount Hale er eit fjell (3595 moh) som ligg 3 km nordvest for Mount Davis langs hovudryggen av Sentinel Range. Det vart oppdaga av under Marie Byrd Land Traverse Party, 1957–58, under C.R. Bentley, og kalla opp etter Daniel P. Hale, polarlysforskar ved Byrd-stasjonen og medlem av traversen.[10]

Mount Levack[endre | endre wikiteksten]

Mount Levack er eit fjell som ligg 21 km aust for Mount Ostenso sentralt i Sentinel Range. Det vart først kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1957-59. Det vart namngjeve av US-ACAN etter major Herbert T. Levack, som var med på å opprette Amundsen-Scott-stasjonen 1956-57.[11]

Mount Milton[endre | endre wikiteksten]

Mount Milton er eit fjell (3 000 moh) som ligg 17 km sør-søraust for Mount Craddock og 3 km søraust for Mount Southwick i den sørlege delen av Sentinel Range. Det vart først kartlagd av USGS frå landmålingar og U.S. Navy (USN) flyfoto, 1957-59. Det vart namngjeve av US-ACAN etter Patrick G. Milton, flymaskinist i US Navy som var kaptein på ein flytur til desse fjella den 28. januar 1958.[12]

Mount Ostenso[endre | endre wikiteksten]

Mount Ostenso er eit fjell (4180 moh) 3,5 km sør for Mount Giovinetto langs hovudkammen av Sentinel Range. Det vart først kartlagd under Marie Byrd Land Traverse Party, 1957–58 leia av C.R. Bentley, og kalla opp etter Ned A. Ostenso, seismolog ved Byrd-stasjonen (1957).[13]

Mount Reimer[endre | endre wikiteksten]

Mount Reimer er eit fjell, 2430 moh, nord i Sentinel Range, på sørsida av Newcomerbreen og 8 km sørvest for Mount Warren. Det vart namngjeve av US-ACAN etter John D. Reimer som var flyfotograf på ein flytur over desse fjella 14.-15. desember 1959.[14]

Mount Schmid[endre | endre wikiteksten]

Mount Schmid er eit fjell på sørsida av Embreebreen, 8 km aust for Mount Goldthwait. Det vart kartlagd av USGS frå landmålingar and US Navy flyfoto, 1957-59. Det vart namngjeve av US-ACAN etter kaptein Ernest A. Schmid, som deltok i opprettinga av Amundsen-Scott-stasjonen i 1956-57.[15]

Mount Segers[endre | endre wikiteksten]

Mount Segers er eit fjell på ein rygg ved austsida av Crosswellbreen, 11 km aust for Mount Tyree, sentralt i Sentinel Range. Det vart oppdaga av ein flytur av US Navy i desembe r1959, og kartlagd av USGS frå desse bileta. Det vart namngjeve av US-ACAN etter Chester W. Segers, ein kokk i marinen og medlem av det første laget som overvintrar på Amundsen-Scott-stasjonen i løpet av det internasjonale geofysiske året i 1957.[16]

Mount Ulmer[endre | endre wikiteksten]

Mount Ulmer er eit markant fjell som ligg 3,5 km nord for Mount Washburn nord i Sentinel Range. Det vart oppdaga under flyturen til Lincoln Ellsworth 23. november 1935 då han kryssa kontinentet. Han kalla det «Mount Mary Louise Ulmer», etter kona si. Toppen vart identifisert på ny i 1959 av U.S. Navy.[17]

Mount Wyatt Earp[endre | endre wikiteksten]

Mount Wyatt Earp er eit hovudsakleg snødekt fjell, 2370 moh ligg 6 km vest-nordvest for Mount Ulmer nord i fjellkjeda. Det vart oppdaga av Lincoln Ellsworth på flyturen hans over kontinentet den 23. november 1935. Det vart namngjeve av US-ACAN etter skipet «Wyatt Earp», nytta av Ellsworth på fire ekspedisjonar til Antarktis mellom 1933 og 1939.[18]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Sentinel Range». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:13574. Henta 19. oktober 2012. 
  2. «Mount Alf». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:253. Henta 25. februar 2013. 
  3. «Mount Atkinson». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:696. Henta 13. januar 2013. 
  4. «Mount Bentley». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:1250. Henta 25. februar 2013. 
  5. «Mount Dalrymple». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:3476. Henta 25. februar 2013. 
  6. «Mount Davis». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:3573. Henta 25. februar 2013. 
  7. «Mount Dawson». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:3599. Henta 25. februar 2013. 
  8. «Mount Giovinetto». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:5700. Henta 25. februar 2013. 
  9. «Mount Goldthwait». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:5808. Henta 25. februar 2013. 
  10. «Mount Hale». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:6223. Henta 25. februar 2013. 
  11. «Mount Levack». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:8756. Henta 25. februar 2013. 
  12. «Mount Milton». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:10019. Henta 25. februar 2013. 
  13. «Mount Ostenso». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:11192. Henta 25. februar 2013. 
  14. «Mount Reimer». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:12496. Henta 25. februar 2013. 
  15. «Mount Schmid». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:13385. Henta 25. februar 2013. 
  16. «Mount Segers». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:13534. Henta 25. februar 2013. 
  17. «Mount Ulmer». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:15760. Henta 11. januar 2013. 
  18. «Mount Wyatt Earp». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:16829. Henta 25. februar 2013. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Sentinel Range» (innhald frå Geographic Names Information System).