Sentral-Makedonía
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Sentral-Makedonía Κεντρική Μακεδονία |
|
|---|---|
![]() |
|
| Land: | Hellas |
| Hovudstad: | Thessaloníki |
| Periferieiningar: | Thessaloníki Khalkidikí Sérres Kilkís Pélla Imathía Piería |
| Folketal: | 1 880 058 (2011) |
| Areal: | 18 811 km² |
| Folketettleik: | 100 /km² |
| Heimeside: | www.pkm.gov.gr |
Sentral-Makedonía (gresk Κεντρική Μακεδονία, Kendrikí Makedonía) er ein av tretten periferiar i Hellas og er ein sentral del av Gresk Makedonia nord i landet. Sentral-Makedonía grensar til Republikken Makedonia og Bulgaria i nord, til Aust-Makedonía og Thráki i aust, Vest-Makedonía i vest og Thessalía i sørvest.
Han omfattar dei tidlegare prefektura Thessaloníki, Khalkidikí, Sérres, Kilkís, Pélla, Imathía og Piería. Folketalet er om lag 1,9 millionar, noko som gjer han til den nest folkerikaste periferien i Hellas.
Hovudstaden i Sentral-Makedonía er Thessaloníki.
Periferieiningar og kommunar [endre]
Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Sentral-Makedonía delt inn i sju periferieiningar som omfattar 38 kommunar.
| Periferieining | Innbyggjarar | Kommunar |
|---|---|---|
| Thessaloníki | 1 110 312 | Thessaloníki, Kalamariá, Neápoli-Sykiés, Pávlos Melás, Ambelókipi-Meneméni, Kordelió-Évosmos, Délta, Khalkidóna, Oreókastro, Lagadás, Pyléa-Khortiátis, Vólvi, Thérmi, Thermaikós |
| Khalkidikí | 105 908 | Néa Propondída, Kassándra, Polýjyros, Sithonía, Aristotélis |
| Sérres | 176 430 | Visaltía, Amfípoli, Néa Zíkhni, Emmanouíl Pappás, Sérres, Sindikí, Iráklia |
| Kilkís | 80 419 | Kilkís, Peonía |
| Pélla | 139 680 | Almopía, Pélla, Skýdra, Édessa |
| Imathía | 140 611 | Náousa, Alexándria, Véria |
| Piería | 126 698 | Pýdna-Kolindrós, Kateríni, Dío-Ólymbos |
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Central Macedonia frå Engelsk Wikipedia .
|
|
||
|---|---|---|
| Attikí • Sentral-Hellas • Sentral-Makedonía • Kreta • Aust-Makedonía og Thráki • Ípiros • Dei joniske øyane • Dei nordlege egeiske øyane • Peloponnes • Dei sørlege egeiske øyane • Thessalía • Vest-Hellas • Vest-Makedonía Áthos (sjølvstyrt område i Gresk Makedonia) |
||
