Forsvinningspunkt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sentralperspektiv)

Eit forsvinningspunkt er eit punkt der to eller fleire parallelle linjer ser ut til å møte kvarandre når dei flyttar seg bort frå observatøren.

Om ein har eitt forsvinningspunkt vert det kalla eittpunktsperspektiv eller sentralperspektiv. Alle linjene som fjernar seg vinkelrett i forhold til eit biletplan, møter kvarandre i eit forsvinningspunkt i horisonten. Dette er ikkje eit fotografisk korrekt perspektiv, men gjev god djupneverknad.

Om ein ser to sider av ein lekam samstundes, må ein nytte to forsvinningspunkt for å få eit fotografisk korrekt perspektiv. Dette kjem av at dei to sidene dannar forskjellige vinklar i forhold til observatøren og heiter topunktsperspektiv.

Om ein ser på høge bygningar, eller viss ein står så nær ein lågare bygning at ein må kikke opp for å sjå toppen, vil dei loddrette linjene sjå ut som dei forsvinn uendeleg langt opp. Dette kallar ein trepunktsperspektiv, og ein må då tenkje seg at ein har eit tredje forsvinningspunkt høgt oppe.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]