Sentralrørsle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sentralrørsle er den rørsla ein lekam utfører når han blir påverka av ei kraft som alltid er retta mot éit bestemt fast punkt. Krafta blir kalla ei sentralkraft.

Døme på sentralrørsle er rørsla til månen og rørslene til dei kunstige satellittane rundt jorda og rørslene til planetane rundt sola. Her er det tyngdekrafta, gravitasjonen, som er sentralkrafta. Rørsla til eit elektron rundt kjernen i eit atom kan òg forenkla skildrast som ei sentralrørsle. Her er sentralkrafta den elektriske tiltrekkingskrafta mellom den positive kjernen og det negative elektronet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]