Separasjonssona i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Separasjonssonen i Israel)
Muren i mai 2005. Separasjonssona er området mellom muren og den arabisk-israelske våpenkvilelinja frå 1949, i blågrønt.

Separasjonssona (hebraisk מרחב התפר, engelsk seam zone) er eit omgrep nytta om eit landområde i Vestbreidda som ligg aust for Den grøne linja og vest for sperringa til Israel, busett hovudsakleg av israelarar i busetjingar som Alfei Menashe, Beit Arye, Modi'in Illit, Giv'at Ze'ev, Ma'ale Adumim, Beitar Illit og Efrat.[1]

I 2006 vart det estimert at kring 57 000 palestinarar budde i landsbyar i enklavar i separasjonssona, skild frå resten av Vestbreidda av muren.[2] Dei sameinte nasjonane estimerer at om rekkja av murar, gjerde og piggtråd og grøfter vert fullført langs den planlagde ruta, vil kring ein tredjedel av palestinarane på Vestbreidda verte råka —274 000 vil då bu i enklavar i separasjonssona og kring 400 000 får ikkje lenger tilgang til skular, jobb og sjukehus. Høgsteretten i Israel har gjeve ordre om endringar i den planlagde ruta, for å redusere talet på menneske som flyttar eller vert råka av separasjonssona. I følgje dommen i retten er dette talet i dag 35 000.[2]

I juli 2006 varsla B'Tselem at 8,5 prosent av Vestbreidda (inkludert Aust-Jerusalem) kom til å ligge i separasjonssona. Dette området inneheldt 99 israelske busetnader (inkludert tolv i Aust-Jerusalem) i fleire tett folkesette område nær den grøne linja, område som i følgje Geneve-avtalen foreslo skulle overførast til Israel som ein del av ein felles landbyte med palestinarane. Separasjonssona var heim for 381 000 israelske busetjarar (192 000 i Aust-Jerusalem).[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]