Harakiri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Seppuku)
General Akashi Gidayu gjer seg klar til å utføra harakiri etter å ha tapt eit slag i 1582

Harakiri (japansk 腹切り «buk-skjering») eller seppuku (japansk 切腹) er ei form for rituelt sjølvdrap i japansk kultur, kor ein tek sitt eige liv ved å kutte seg sjølv i magen. Eit av dei første nedskrivne tilfella av seppuku skjedde i år 989, då Yasusuke Fujiwara, etter å ha teke opp ein karriere som velrenomert tjuv og kjeltring, blei omringa av politiet og såg ingen utveg anna enn å gjere seppuku. Uttrykket harakiri, som er det uttrykket for seppuku som er best kjent utanfor Japan, er ein daglegdags og meir vulgær måte å uttrykke seppuku på og blir aldri brukt i offisiell samanheng.

I Tokugawa-perioden (1603-1867) blei seppuku ritualisert og institusjonalisert. Seppuku blei også innført som dødsstraff. Det var berre samuraiar som blei tildelt dette «privilegiet» og det sparte dei for ei audmjukande rettssak. Det finst mange måtar og grunnar til å gjere seppuku. For det første blir det skild mellom to hovudkategoriar, frivillig (jijin) og tvungen (tsumebara) seppuku. Motiv for frivillig seppuku kunne t.d. vere å unngå vanære eller fangenskap etter tap på slagmarka (jiketsu), å ta ansvar for sine feil (inseki), sjølvofring, å prove si uskuld (memboku), som ein protest (kanshi), eller å følgje etter nokon i døden, ofte ein meister (junshi). Seppuku blei fjerna som offisiell dødsstraff i 1873.

Ritualet[endre | endre wikiteksten]

Seppuku går for å vere ein av dei mest smertefulle måtane å døy på.[treng kjelde] Uansett kor skarpt bladet er er det likevel vanskeleg å skjere gjennom buken. Ein samurai som utøver seppuku skal skjere frå venstre mot høgre. Han kuttar dermed ikkje berre musklar og feitt og vev, men også indre organ. Det tek ofte timar å døy.

Ein av dei viktigaste institusjonane ved seppuku er kaishakunin, ein som var dyktig med sverdet. Hans oppgåve var å kutte hovudet av han som utøvde seppuku og dermed spare han for mykje smerte, og var han dyktig nok klarte han også å kutte hovudet før han som utøvde seppuku fekk eit forvrengt andletsutrykk. Valet av kaishakunin vart arrangert etter rangen til samuraiane som skulle utøve seppuku. Det var vanleg å velje ein som var kjend for dugleik med sverdet.

Tilsvarande praksis i andre land[endre | endre wikiteksten]

Seppuku blir ofte sett på som unikt for Japan, men historia viser at dette ikkje er tilfelle. Andre stader har det også vore vanleg med ærefulle sjølvdrap. I Romarriket levde Marcus Porcius Cato Uticensis, betre kjend som Cato den Yngre. Han er m.a. eit døme på at sjølvmord vart brukt som ein politisk protest; Cæsar hadde knust dei republikanske styrkane, men hadde ingen problem med å gje nåde til både fangar og folk som overgav seg. Cato såg på situasjonen som at han og resten av Roma alltid ville stå i gjeld til Cæsar. Dette ville han ikkje ha noko av. Han tok sitt eige liv ved å stikke seg sjølv i magen med eit sverd. Han døydde ikkje momentant av skaden han påførte seg sjølv. Og historiene skal ha det til at då han kom til medvit, skal han ha rive ut innvolane sine frå såret til han tilslutt fall død om. «Han var Julius Cæsars mest uforgjengelege motstandar. [...] Hans død var ein kraftig politisk protest ikkje berre til Cæsar, men også til dei overlevande republikanske styrkane og folket i Roma» (A. Silke, 2006)

I løpet av det andre hundreåret blei tvunge sjølvmord ein stadig meir populær måte å foreta avretting på blant den romerske eliten. I det tilfelle at eit brotsverk var blitt gjort, kunne ein i staden for å måtte konfronterast med ein audmjukande rettargang og fengsling, få moglegheita til å reise heim til familien sin, mot at ein i løpet av éin dag tok sitt eige liv. Slik fekk ein det som blei sett på som ein ærefull og privat død, verdig klassa og rangen ein hadde.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Museum of Art and Archology, USA, The Curators of the University of Missouri, 2011