Septimius Severus av Romarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Septimius Severus
SeptimeSévère.jpg
Imperator Caesar (keisar av Romarriket)
Fullt namn Lucius Septimius Severus (fødenamn); Caesar Lucius Septimius Severus Eusebes Pertinax Augustus (keisarnamn)
Føregjengar Didius Julianus
Etterfølgjar Caracalla og Geta
Gift med Paccia Marciana (175-ca. 186)
Julia Domna (187-211)
Dynasti Det severanske dynastiet
Born Lucius Septimius Bassianus (Caracalla, f. 188)
Publius Septimius Geta (f. 189)

Lucius Septimius Severus (11. april 1464. februar 211) var romersk keisar frå 193 til han døydde i 211. Han tok trona under det turbulente femkeisaråret, og nedkjemppa motstandarane Pescennius Niger og Clodius Albinus.

Septimius Severus annekterte kongeriket Osroene som ein ny provins, og vann over Partia under ein kvikk krig som utvida Romarriket i aust til Tigris. I 202 kjempa han mot garamantesfolket i Afrika og utvida dermed riket sørover.

Mot slutten av styret sitt reiste Septimius Severius til Britannia, der han forsterka Hadrians mur og bygde opp att og utplasserte soldatar ved Den antoninske muren. I 208 invaderte han Caledonia (dagens Skottland), men blei alvorleg sjuk i slutten av 210 og døydde i Eboracum (York) i 211. Sønene Caracalla og Geta etterfølgde han.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Septimius Severus var fødd i Leptis Magna (noverande Khoms i Libya), opphavleg ein fønikisk og seinare ein kartagisk koloni. Faren var libysk berbaropphav medan slekta på morssida var italiensk romersk. Septimius var den første keisaren av nordafrikansk opphav. Han tala det lokale berbarspråket og punisk flytande, og tala latin og gresk med afrikansk aksent heile livet.

Tenestemann og keisar[endre | endre wikiteksten]

Septimius hadde to søskenbarn, Publius Septimius Aper og Gaius Septimius Severus, som hadde vore romerske konsular under Antoninus Pius. Rundt 162 reiste han til Roma og byrja sin karriere som offentleg tenestemann. Han fekk stadig høgare stillingar under keisarane Marcus Aurelius og sonen hans Commodus. Han hadde likevel ikkje vore militærtribun og var for ung til å bli kvestor (aldersgrensa var 25 år). Då den antoninske pesten braut laus i Roma i 166 drog han tilbake til Leptis Magna ei tid. I 169 var han blitt gammal nok til å vera kvestor. 5. desember det året blei han offisielt medlem i Det romerske senatet.

Aureus slått av Septimius Severus i 193 til ære for legionane som utropte han til keisar.

I 191 utnemnde keisar Commodus Septimius til leiar for donaulegionane. Då først Commodus og så etterfølgjaren Helvius Pertinax blei drepne i rask rekkjefølgje i 193, utrope donaulegionane Septimius til keisar. Han hasta til Roma. Etter drapet på Pertinax hadde samtidig pretorianargarden auksjonert ut keisertogaen. Didius Julianus kom med det høgste bodet, men han blei dømt til døden av senatet. Septimius kunne entra keisartronen utan motstand.

Donaulegionane var likevel ikkje åleine om å utnemna keisarar. I Britannia stod den mektige Clodius Albinus, som truleg hadde støttet Didius Julianus. Dei syriske legionane stilte seg bak Pescennius Niger.

Borgarkrigen 193–197[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha blitt keisar forfølgde Septimius Severus medlemmene av pretorianargarden som hadde drepe Pertinax og bytta ut pretorianarane med lojale soldatar frå sine eigne legionar. Han tilbaud også Clodius Albinus tittelen som cæsar. Dermed hadde han ryggen fri då han satte kursen mot Syria. I eit slag ved Issos knuste han rivalen i aust, Pescennius Niger. Deretter invaderte han Mesopotamia, på denne tiden ein partisk vasall, som også hadde støtta Niger.

Deretter retta han kursen mot vest. Legionane i Britannia hadde nemleg utropt Clodius Albinus til keisar. Han kom seg over Den engelske kanalen og rykte inn i Gallia. Her møtte han Septimius som kom austfrå med ein hær på 75 000 mann, hovudsakleg soldatar frå donaulandene. I slaget ved Lugundum (dagens Lyon) møttest dei to rivalane 19. februar 197. Septimius sigra og Clodius blei drepen. Dermed var Septimius Severus einerherskar i riket.

Opprusting[endre | endre wikiteksten]

Utstrekkinga av Romarriket i 210, då Septimius Severus hadde gjort erobringane sine. Mørkelilla viser romersk territoriet og lysare farge viser romerske lydrike.

Septimius Severus var den siste store romerske erobraren. Mange av landområda han tok var allereie blitt erobra av Trajan tidleg på 100-talet, men var deretter blitt gjevne opp av etterfølgjarane hans. Der Septimius flytta grensene, passa han på å forsterka grenseforsvaret med sterke befestningar.

Under Septimius Severus voks den romerkse hæren. Den nye livgarden svulma opp til 50 000 mann. I løpet av regjeringstida hans auka også den regulære hæren frå 25/30 til 33 legionar. Dei veksende hæravdelingane trengde fleire forsyningar under felttoga, og Septimius lét også setja opp fleire hjelpetroppar. Soldatløna blei også aukt, frå 300 til 500 denarar. Rustningskostnadane bidrog til ein inflasjon som skulle bli langt verre under Septimius sine etterfølgjarar.

I tillegg til Aleksander den store var den puniske hærføraren og statsmannen Hannibal eit stort ideal for Septimius Severus. Fleire historikarar har kalla han «ein ny Hannibal» eller «Hannibals hemnar». Keisaren fekk reist ein Hannibal-statue i Libyssa (i dagens Tyrkia), der Hannibal i 182 f.Kr. hadde teke livet av seg for ikkje å hamna i romersk fangenskap.

Eit nytt persartog[endre | endre wikiteksten]

Partarane hadde vore romarane sin hovudfiende i fleire hundreår, og Septimius hadde truleg heller ikkje gløymd den partiske storkongen si støtte til rivalen Pescennius Niger. I 198 byrja han sitt nye persartog. Legionane erobra det nordlege Mesopotamia. Partarhovudstaden Ctesiphon blei herja og plyndra. Etter ei langvarig beleiring måtte keisaren – som forgjengaren Trajan – oppgje å ta festningen Hatra, og foreta eit sjeldan tilbaketog. Han forlét Mesopotamia, tok nokre område i Arabia og styrkte grenseforsvaret her.

Septimius Severus sin triumfboge i Leptis Magna.

Afrika[endre | endre wikiteksten]

I 202–203 utførte Septimius Severus fleire felttog i dei nordafrikanske provinsane Africa og Numidia. Begge stader hadde han betydeleg framgang. I heimlandet til Septimius blei grensa flytta til ca. 600 km sør for Leptis Magna. Også Numidia blei utvida då busetnadene Vescera, Castellum Dimmidi, Gemellae, Thabudeos, Thubunae og Zabi. Då kampanjen var over var heile Romersk Afrika blitt drastisk utvida og forsterka. Nomadar frå ørkenen kunne ikkje lenger raida romerske busetnader og deretter forsvinna tilbake til Sahara.

Britannia[endre | endre wikiteksten]

I 208 reiste den 62 år gamle keisaren over til Britannia for å erobra Caledonia (dagens Skottland), truleg med ein hær på vel 40 000 mann. Landet var blitt delvis erobra av Trajan, men så gjeve opp av etterfølgjaren hans Hadrian. Septimius fekk først sett i stand Hadrians mur og Antoninus Pius sin mur lenger nord. Denne antoninske muren er derfor også blitt kalla den severanske muren.

Keisaren sitt neste mål var å gjera heile Caledonia til ein romersk provins. Med dette rykte Septimius Severus sine legionar lenger nord enn nokon romersk hær både før og sidan. Dei hadde framgang også her, men blei møtt av geriljastyrker som gav dei store tap. I 210 planla Septimus ein utryddingskampanje mot skottane, men blei alvorleg sjuk før han rakk å gjennomføra noko slikt. Han trekte seg tilbake til Eboracum og døydde der i 211.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Familieportrett av Septimius Severus, Julia Domna og sønene deira. Geta er viska ut.

I 175 gifta Septimius Severus seg med Paccia Marciana, som også var frå Leptis Magna. Den noko upålitelege Historia Augusta seier at dei fekk to døtrer, men ingen andre kjende kjelder fortel om nokre born. Paccia Marcian døydde rundt 186. Tidleg i 187 gifta Septimius seg med Julia Domna (yngre syster av Julia Maesa, som skulle bli bestemor til keisarane Elagabal og Alexander Severus). Ho stamma frå eit syrisk kongehus. Paret fekk to søner, Lucius Septimius Bassianus (kalla opp etter faren og morfaren, men meir kjend som Caracalla, fødd 4. april 188) og Publius Septimius Geta (7. mars 189). Septimius tok med sønene i felten frå dei var små, og dei blei etter kvart opphøgde til medregentar. Sønene etterfølgde han som keisarar, og Severus blei dermed grunnleggjaren av det severanske dynastiet - det siste dynastiet i Romarriket før krisa på 200-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Michael Grant. The Roman Emperors, 1985. ISBN 0-7607-0091-5.
  • Michael Grant. The Severans: The Changed Roman Empire, 1996. ISBN 0-415-12772-6.
  • Continuité gentilice et continuité sénatoriale dans les familles sénatoriales romaines à l'époque impériale, 2000.
  • A. Daguet-Gagey, Septime Sévère (Paris, 2000).
  • Alison Cooley, "Septimius Severus: the Augustan Emperor," in Simon Swain, Stephen Harrison and Jas Elsner (eds), Severan culture (Cambridge, CUP, 2007).
  • Johannes Hasebroek, Untersuchungen zur Geschichte des Kaisers Septimius Severus (Cambridge, 1921).
  • R.G. Hovannisian, The Armenian People From Ancient to Modern Times, Volume I: The Dynastic Periods: From Antiquity to the Fourteenth Century, Palgrave Macmillan, 2004
  • Achim Lichtenberger, Severus Pius Augustus: Studien zur sakralen Repräsentation und Rezeption der Herrschaft des Septimius Severus und seiner Familie (193–211 n. chr.) (Leiden; Boston: Brill, 2011) (Impact of Empire, 14).
  • Anthony Birley: Septimius Severus – The African Emperor.
  • Karl Schilling 1991: Der neue Hannibal : Lucius Septimius Severus in der Sicht der deutschsprachigen Altertumswissenschaft. Marburg/Lahn : [s.n.], 1991.