Serbisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Merk at Kosovo ikkje er anerkjend som sjølvstendig land av SN enno, men at data i tabellen er basert i Serbia utan Kosovo.
Serbisk geografi
2006 Serbia-CIA WFB Map.png
Plassering
Land Serbia
Koordinatar 44°N 21°EKoordinatar: 44°N 21°E
Totale landegrenser 2 026 km
Grenseland Bosnia-Hercegovina 302 km; Bulgaria 318 km, Kroatia 241 km; Ungarn 151 km; Kosovo (352 km) Republikken Makedonia 62 km; Montenegro 124 km; Romania 476 km.
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

77 474 km²
77 474 km²
0 km²
Kystlinje 0 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Midžor (2169 moh)
Timok (28 moh)
Lengste elv Donau (2888 km)


Naturressursar
Olje, naturgass, kol, jernmalm, kopar, sink, antimon, kromitt, gull, sølv, magnesium, svovelkis, kalkstein, marmor, salt, dyrkbar mark
Naturfarar
Jordskjelv
Miljøproblem
Luftforureining rundt Beograd og andre industribyar. Vassforureining frå industriavfall i Sava, som renn ut i Donau.
Serbisk geografi -

Serbia er eit land på Balkan og på Den pannoniske sletta. Det grensar til Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Kroatia, Ungarn, Republikken Makedonia, Montenegro og Romania. Det omstridde området Kosovo er av mange land anerkjend som eit sjølvstendig land, men ikkje av Serbia. Kosovo ligg mellom resten av Serbia og Albania. Serbia grenser ikkje til sjø, men Donau vert nytta for skipstrafikk til Svartehavet.

Generelt[endre | endre wikiteksten]

Serbia dekkjer eit areal på 77 474 km² (88 361 km² med Kosovo). Den totale landegrensa er 2026 km (2027 medrekna Kosovo)[1]. Serbia har 6167 registrerte busetnader (207 urbane og 5960 andre (landlege)).[2]

Dyrkbar mark utgjer 19 194 km²[3] og skogområde 19 499 km² [4] av Serbia utan Kosovo.

Geografiske ytterpunkt

Terreng[endre | endre wikiteksten]

Serbia har terreng som varierer frå rike, frodige sletter i Vojvodina i nord, kalksteinsfjells og bekken i aust, gamle fjell og åsar i søraust. I nord dominerer Donau. Ei sideelv, Morava renn gjennom dei meir fjellkledde sørlege regionane.

I Sentral-Serbia består terrenget hovudsakleg av åsar, låge eller mellomhøge fjell, med mange elvar mellom. Dei største kommunikasjonslinjene strekkjer seg i dalføra søraust for Beograd, mot Niš og Skopje (i Republikken Makedonia). Dei største byane i landet ligg langs denne linja, samt den viktigaste jernbanelinja og E75. Aust for denne dalen stig terrenget raskt opp til Balkanfjella og Homolje. I vest stig fjella sakte oppover mot sørvest, men dei dannar ikkje større kjeder. Dei høgaste fjella i dette området er Zlatibor og Kopaonik.

Fjell[endre | endre wikiteksten]

Fjell dekkjer store delar av Sentral-Serbia og Kosovo. Fire fjellsystem møter kvarandre i Serbia. Dei dinariske Alpane i vest dekkjer store område og strekkjer seg frå nordvest til søraust. Karpatane og Balkanfjella går frå nord til sør i det austlege Serbia, vest for Moravadalen. Gamle fjell langs Sør-Morava som er ein del av Rhodopifjella.

Dei viktigaste fjella i Serbia er:

Den høgaste fjelltoppen i Serbia er Midžor på 2169 moh (med Kosovo er det Đeravica i Prokletije (2656 moh).

Hydrologi[endre | endre wikiteksten]

Dei største elvane i Serbia

Nesten heile Serbia (92 %) ligg i nedslagsfeltet til Donau (Svartehavet), eit område i Kosovo (5 %) høyrer til Adriahavet sitt nedslagsfelt, hovudsakleg via Kvite Drin, og resten (3 %) i Kosovo og det sørlege Serbia høyrer til nedslagsfeltet til Egearhavet, hovudsakleg via Vardar.

Bortsett frå Donau, som renn 588 km gjennom Serbia eller som grenseelv (med Kroatia og Romania) er dei største elvane sideelvar til Donau, nemleg Sava, Tisa, Drina og Morava. Berre sistnemnde renn hovudsakleg berre i Serbia. Sideelvane deira dannar eit tett nettverk av mindre elvar.

På grunn av utforminga av terrenget finn ein få og små naturlege innsjøar i Serbia. Dei fleste av dei ligg i Vojvodina, som bresjøen Palić eller dei mange kroksjøane langs elvane. Det finst derimot fleire kunstige innsjøar, hovudsakleg vassreservoar tilknytte vasskraftverk. Den største av desse er Đerdap på Donau, Perućac på Drina og Vlasinasjøen.

Potensialet for vasskraft i Serbia er på rundt 17 000 GWh og rundt 10 000 GWh (60 %) vert utnytta. Serbia har òg eit stort potensial for geotermisk energi, som berre delvis og sporadisk vert utnytta, hovudsakleg av kurstader, som det finst om lag 60 av i Serbia.[5]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Det meste av Serbia har kontinentalklima. Nedbørmengdene minkar mot aust, og vinteren er skya, sjølv i dei tørraste områda. Vind frå sør kan strøyme nordover, og fønvind kan gje temperaturar over 10 °C. Men ein kan òg få kald luft (kalla kosavavind, ein avart av boravinden) frå Karpatane som strøymer sørover mot Beograd. I slike tilfelle kan det bli svært kaldt.

Om sommaren vernar fjella i vest Serbia frå den kjøligare havlufta, så temperaturane kan då bli svært høge. Fjell er det derimot mykje av òg i Serbia, og snøen ligg gjerne i lange periodar på vinterstid. Beograd har ein årleg nedbørsnormal på 700 mm, og den våtaste tida på året er sommaren, men mesteparten av dette kjem i form av regnbyger, og ofte i samband med torevêr.

Naturbevaring[endre | endre wikiteksten]

Serbia022.png

Serbia har fire nasjonalparkar og mange nasjonale naturreservat.

Nasjonalparkar:

Naturparkar:

Spesielle naturreservat:

Naturmonument:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. CIA World Factbook:Serbia
  2. Republički zavod za statistiku Srbije, Administrativna i teritorijalna podela Republike Srbije
  3. Republic Statistical Office of Serbia, Annual book, Kapittel 13-Jordbruk
  4. Republički zavod za statistiku Srbije, Prikaz stanja šuma po površini
  5. Utilization of Geothermal Hydrology in Serbia, M. Milivojević and M. Martinović, International Geothermal Conference, Reykjavik 2003.