Serebrjanka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Serebrjanka
Munning Tsjusovaja
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 147 km
Middelvassføring 12,4 m³/s
Nedslagsfelt 1 240 km²

Serebrjanka (russisk Серебря́нка) er ei elv i Perm kraj og Sverdlovsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Tsjusovaja frå høgre. Elva er 147 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 240 km². Elva har ei middelvassføring på 12,4 m³/s.

Serebrjanka startar på grensa mellom Perm kraj og Sverdlovsk oblast i fjellsida til Podpora. Sporet er svingete og fleire gongar kryssar ho det som vert rekna som grensa mellom Europa og Asia. Ho munnar ut i Tsjusovaja nær landsbyen Ust-Serebrjanka.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]