Seremoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bandklippingsseremoniar blir ofte brukt for å opne nye prosjekt, her eit amerikansk senter i Kamerun.

Ein seremoni er eit sett av rituelle handlingar som skal skape ei viss stemning. Størsteparten av seremonien blir utført på ein måte som alle som er med er samde om eller kjenner til på førehand. Føremålet med han er ofte å danne ramme rundt ei symbolsk handling, gjerne ei talehandling. Ein eller fleire leiarar seier noko medan resten av deltakarane høyrer og kan stadfeste at handlinga er utført.

Seremoniar kan ofte gje nokre av deltakarane ein ny status, til dømes som overgangsriter knytt til livsløpet. Dei kan også vere knytt til tevlingar, den nye statusen er å bli utropt til vinnar, eller dei kan vere knytt til yrkeslivet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen som har med antropologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.