Eine kleine Nachtmusik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Serenade nr. 13 av Mozart)
Serenade nr. 13
Eine kleine Nachtmusik
K. 525
Serenade av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerOrkestermusikk
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1787
Typisk lengd23:48
Satsar/akter4
ToneartG-dur

Serenade nr. 13 for strykarar i G-dur, K. 525 vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i 1787. Verket er meir kjend under namnet Eine kleine Nachtmusik. Den tyske tittelen tyder «ein liten serenade», men vert ofte omsett meir unøyaktig til «litt nattmusikk»[1] Verket er skriven for eit kammerensemble med to fiolinar, bratsj, og cello og stundom kontrabass, men vert ofte framført av eit strykeorkester.[2]

Komposisjon og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Serenaden vart gjort ferdig i Wien den 10. august 1787,[2] kring tida då Mozart arbeidde på den andre akta av operaen Don Giovanni.[3] Det er ikkje kjend kvifor stykket vart komponert.[4] Hildesheimer (1991, 215), skriv at dei fleste serenadane til Mozart vart skrivne på bestilling.

Den kjende tittelen på verket kjem frå Mozart sjølv, som nytta dette namnet i den personlege katalogen hans. Verket vart først publisert kring 1827, lenge etter Mozart var død, av Johann André i Offenbach am Main.[2] Det hadde blitt seld til denne forleggaren i 1799 av enka til MozartConstanze, i lag med mange andre av komposisjonane til ektemannen.

I dag er serenaden mykje spelt og både Jacobson (2003, 38) og Hildesheimer (1992, 215) meiner at serenaden er det mest populære av alle verka til Mozart.[5]

Satsar[endre | endre wikiteksten]

Verket har fire satsar:

  1. Allegro
  2. Romanze: Andante
  3. Menuetto: Allegretto
  4. Rondo: Allegro

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå "Nachtmusik" og "Notturno" i Grove Music Online.
  2. 2,0 2,1 2,2 Holoman (1992, 397)
  3. Einstein, Alfred (1962). Mozart, his character, his work. Sett om av Arthur Mendel; Nathan Broder. Oxford: Oxford University Press. s. 206. ISBN 9780195007329. 
  4. Holoman, D. Kern (1992). Evenings with the orkester: a Norton companion for concertgoers. New York: W. W. Norton & Company. s. 398. ISBN 9780393029369. 
  5. Hildesheimer (1992, 215)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]