Serenade nr. 5 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Serenade nr. 5
K. 204
Divertimento av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerOrkestermusikk
PeriodeWienerklassisismen
Komponert5. august 1775
Typisk lengd37:01
Satsar/akter7
ToneartD-dur

Serenade nr. 5 i D-dur, K. 204/213a vart skriven 5. august 1775 av Wolfgang Amadeus Mozart for seremoniar ved Universitetet i Salzburg.[1] Verket er særs likt K. 203-serenaden komponert for Salzburg sommaren før.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Serenaden er skriven for to oboar (doble av fløyter), fagott, to horn, to trompetar and strykarar. Verket består av sju satsar:

  1. Allegro assai, 4/4
  2. Andante moderato i A-dur, 3/4
  3. Allegro i A-dur, 2/2
  4. Menuetto & Trio, 3/4
  5. [Andante] i G-dur, 2/4
  6. Menuetto & Trio, 3/4
  7. Andantino Grazioso, 2/4 — Allegro, 3/8

Marsj i D, K. 215/213b, vart nytta som introduksjon eller avslutning for dette verket.[1]

Den andre, tredje og fjerde satsen består av dominerande solofiolin, og dannar ein tre satsar lang fiolinkonsert inne i serenaden. Dette vart òg gjort for K. 203-serenaden året før. Mozart spelte truleg solofiolinen sjølv.[1]

Som med dei fleste orkesterserenadane hans, vart det arrangert ein symfoni av satsane i serenaden. «Serenadesymfonien» for dette verket bestod av sats 1, 5, 6 og 7.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Zaslaw, Neil, The Compleat Mozart: a Guide to the Musical Works, s. 233-234 (New York, 1990) ISBN 0-393-02886-0
  2. Brown, A. Peter, The Symphonic Repertoire (Volume 2). Indiana University Press (ISBN 025333487X), s. 340-341 (2002).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]