Sergej Prokudin-Gorskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Prokudin-Gorskij

Fødenamn Сергей Михайлович Прокудин-Горский
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Frankrike
Fødd 18. august 1863
Funikova Gora
Død

27. september 1944 (81 år)
Paris

Yrke fotograf, kjemikar, oppfinnar, forleggjar, pedagog, lærar, reisande
Språk fransk
Sergej Prokudin-Gorskij på Commons

Sergej Mikhajlovitsj Prokudin-Gorskij (31. august 186327. september 1944) var ein russisk pioner innan fargefotografi.

Prokudin-Gorskij var fødd i Murom (Vladimir oblast i Russland. Han studerte kjemi i St. Petersburg, Berlin og Paris. Gjennom eiga forsking tok han patent på produksjon av fargedias og på projisering av fargefilm. Rundt 1905 byrja han eit arbeid med mål å systematisk dokumentere heile det russiske imperiet i fargebilete. Eit av føremåla hans var å seinare syne fargebileta i skulen, for slik å formidle kunnskap om historia, kulturen og moderniseringa av Tsar-Russland.

Utsnitt fra Alleia Hamerops som viser dei raude, grøne og blå fargekanalane og det samansatte fargebiletet.

Prosessen hans nytta eit kamera som eksponerte ein serie på tre svart/kvite bilete over eit par minutt (seinare korta ned til eit par sekund). Kvart bilete vart eksponert gjennom eit fargefilter; eit blått, eit raudt og eit grønt. Slik registrerte kvart bilete berre ein del av fargespekteret. Gjennom å projisere kvart bilete i farga lys, i høve til kva filter som var nytt under eksponeringa, for så å nøyaktig overlappe desse bileta, fekk ein eit bilete samansett av heile fargespekteret. Han hadde ikkje noko system for å lage fargekopiar.

Prokudin-Gorskij vart utstyrt med ei jernbanevogn med mørkeromsutstyr frå Tsar Nikolai den andre og fekk to løyve som gav han tilgang til elles avgrensa landområde. Dokumentasjonsarbeidet heldt på frå om lag 1909 til 1915 og produserte om lag 1900 til 2100 fargebilete. Han heldt fleire illustrerte føredrag som skildra arbeidet. Etter den russiske revolusjonen flykta han i 1918 via Noreg og England til Frankrike, der han busette seg i Paris. Han døydde der i 1944. Stordelen av fargefotografia hans vart i 1948 selde til det amerikanske kongressbiblioteket (Library of Congress).

Fargebileta til Prokudin-Gorskij er unike historiske skildringar av det russiske imperiet kort tid før den russiske revolusjonen. Motiva omfattar skildringar av arkitektur, miljø, folk og personar.

I 2001 laga det amerikanske kongressbiblioteket ei utstilling med namnet The Empire that was Russia. Til utstillinga vart dei mange glasplatene skanna og papirbilete vart produserte digitalt.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sergej Prokudin-Gorskij