Sergej Ivanovitsj Vavilov
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Ivanovitsj Vavilov (24. mars 1891–25. januar 1951) var ein sovjetisk fysikar og bror av N. I. Vavilov.
I 1920 vart han professor ved den tekniske høgskulen i Moskva. Han var direktør for den fysiske avdelinga av vitskapsakademiet i Moskva frå 1932 til han døydde. Han dreiv særleg med optiske undersøkingar. Saman med P. Tsjerenkov oppdaga han i 1934 tsjerenkovstrålinga, som i Russland oftast blir kalla Vavilov–Tsjerenkov-effekten.
Kjelder [endre]
- Sergej Ivanovitsj Vavilov. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Sergej_ivanovitsj_vavilov