Sergej Rozjkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Rozjkov
Fødenamn Сергей Леонидович Рожков
Statsborgarskap Russland
Fødd 1. april 1972 (52 år)
Murmansk
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2002

Sergej Leonidovitsj Rozjkov (fødd 1. april 1972 i Murmansk i Russland) er ein russisk skiskyttar.

Rozjkov har deltatt i verdscupen i skiskyting sidan 1995. Allereie i første sesongen vann han sitt første renn, 20 km i Pokljuka. Seinare har han vunne tre individuelle verdscuprenn til. I VM i Lahti i 2000 var han med å vinna gull med det russiske stafettlaget. 2004/05-sesongen var den beste sesongen hans så langt i verdscupen, då han kom på 5. plass samanlagt.

Rozjkov bur i Reutov i Moskva oblast. Han er gift og har eit barn. Han er utdanna frå Murmansk Statlege Tekniske Universitet. Han var med i den russiske troppen til OL i Torino i 2006. Der fekk han berre gå ein distanse, fellesstarten, der han kom på 20. plass.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

(per 28. februar 2006)

  • Verdscupen samanlagt:
    • Beste plassering: 5. plass (2004/05)
  • Verdsmeisterskap:
    • 1 gull, 4 sølv (beste individuelt: 4. plass på 20 km i 1997, 20 km i 2001 og jaktstart i 2003
  • Olympiske leikar:
    • Beste plassering: 4. plass (stafetten, Salt Lake City 2002) beste individuelt 12. plass (20 km, 2002)
  • Verdscuprenn:
    • 4 gull, 4 sølv, 11 bronse

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]