Sergej Tanejev
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Ivanovitsj Tanejev (russisk Сергей Иванович Танеев) (25. november 1856–19. juni 1915) var ein russisk komponist.
Komposisjonsstilen til Tanejev var til å begynne med inspirert av vestlege straumdrag, men etterkvart vende han seg mot den nasjonale russiske rørsla. Han hadde ei livslang interesse for musikken til dei gamle meistrane og studerte intensivt verk av til dømes Palestrina, Händel og Mozart, noko som førde til at han i (for si tid) uvanleg grad meistra kontrapunktikk. Musikken hans verkar ofte tørr og akademisk, men det finst òg unntak. Tanejev var ingen salongmusikar; han føretrakk store, krevjande verk.
Kjelde[endre]
- Denne artikkelen er basert på «Sergei Iwanowitsch Tanejew» frå Wikipedia på tysk, den 20. november 2011.
Litteratur[endre]
- Jan Brachmann: Walzer, polyphon verknotet : Die Geschichte gibt Halt, wo der Glaube nicht mehr trägt: die famose Symphonik von Sergej Tanejew, triumphal wiederbelebt vom Dirigenten Thomas Sanderling. I Frankfurter Allgemeine Zeitung 24. juni 2010