Serpukhov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Serpukhov
Серпухов
Flagget til Serpukhov Byåpenet til Serpukhov
Flagget til Serpukhov Byvåpenet til Serpukhov


Plassering
Serpukhov is located in Russland
Serpukhov is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Første nemnt i
Bystatus
1339
1374
Borgarmeister Pavel Sjdanov
Geografi
Flatevidd
 - By

33 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

124 200
  3 763,6 /km²
Koordinatar 54°55′″N 37°24′″EKoordinatar: 54°55′″N 37°24′″E
Høgd over havet 140 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 142200–142215
Retningsnummer (tlf) (+7)4967
Nettstad: serpuhov.ru

Serpukhov (russisk Се́рпухов) er ein gammal by i Moskva oblast i Russland med om lag 125 000 innbyggjarar (2007). Elvane Oka og Nara renn saman i byen, som ligg 99 km sør for Moskva. Innbyggartal: 131 097 (folketeljing 2002)

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Serpukhov vart første gong nemnd i 1339 og vart grunnlagd for å verne dei sørlege innfartsårene til Moskva. To år seinare vart han gjort til sete for det mektige fyrstedømet som vart styrt av slektningen og den nære medarbeidaren til Dmitrij Donskoj, Vladimir av Serpukhov. Fyrstedømet varte til 1456, då den siste prinsen flykta til Litauen. Under den store konfrontasjonen ved Ugra vart byen gjort til eit av tre støttepunkt for armeen til Storfyrstedømet Moskva under Ivan III.

Sidan byen ofte var utsett for åtak, vart det naudsynt å verne han med ei steinfestning, eller kreml, eit arbeid som vart fullført i 1556. Festninga ligg på ein bratt ås, der den vesle elva elva Serpejka munnar ut i elva Nara. Delar av festninga vart derimot i løpet av 1800-talet øydelagt av innbyggjarane i byen, som nytta kalksteinen til sine private bustader. Faktisk er det store fleirtalet av kjellarar i nærliggande hus bygt av dette materialet.

Etter kvart som som det russiske riket utvida seg sørover utvikla byen seg til ein kjøpstad og som eit religiøst senter. På 1800-talet gjorde tekstilindustrien sitt inntog og under sovjettida vart det bygt opp ytterlegare industri i byen.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Inne i byen sitt kreml er det viktigaste monumentet Treeiningskatedralen, bygt i 1696 i Moskva-barokk stil. Vysotskijklosteret har ein katedral og refektorium frå slutten av 1500-talet. Eit anna viktig kloster er Vladytsjnij, med Kallskatedralen og den teltliknande St. Georgskyrkja, begge bygde under styret til Boris Godunov. Det sistnemnte klosteret er kalla opp etter ærestittelen til russiske biskopar, sidan det vart grunnlagt av metropolitt Aleksij i 1360.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

I nyare tid har Serpukhov vorte eit lokalt industrisenter, som i dag mellom anna omfattar verksemder innan maskinbygging, møbel- og klesproduksjon og papirindustri. Ved SeAZ-fabrikken har mikrobilen Lada Oka vorte produsert sidan 1980-talet.

Byen har mange skular og utdanningsinstitusjonar.

Serpukhov ligg ved den russiske hovudvegen M2 (som er ein del av E105), som går frå Moskva til Kharkiv i Ukraina, samt ved den ringforma A108, som går rundt Moskva-området. Byen ligg òg ved toglinja Moskva-Tula.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]