Setebelte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trepunkts setebelte.
Topunkts setebelte i fly.

Eit setebelte (ofte kalla bilbelte, men òg tryggingssele og sikringssele) er ei innretning for å halde ein passasjer fast i setet sitt i eit køyretøy.

Setebelte vert klassifisert etter kor mange punkt dei er festa til køyretøyet med. Eit topunktsbelte er eit enkelt magebelte og er mest nytta i rutefly og buss. Eit trepunktsbelte er den vanlegaste typen i moderne bilar. Firepunktsbelte og betre vert nytta i barnestolar, til motorsport, i militære fly og anna.

Dei første som kom med trepunktsbelte til masseprodusert bil var Volvo i 1959 med Volvo Amazon.

Påbod om bruk av setebelte i Noreg med «Forskrift om bruk av personleg verneutstyr under køyring med motorvogn» var fastsett av Samferdselsdepartementet 21. september 1979. Gebyret for ikkje å bruke setebelte var dei første åra 30 kroner. I 2005 var gebyret stige til 750 kroner og om lag 20 000 gebyr vart skrive ut. [1] [2].

Halvparten av dei som vart drepne i trafikken i 2003 ville ha overlevd dersom dei hadde nytta setebelte. [3]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.