Setergråurt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Setergråurt


Gnaphalium norvegicum a1.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Slekt: Gnaphalium Gråurt
Art: G. norvegicum
Vitskapleg namn
Gnaphalium norvegicum

Setergråurt er ein art i korgplantefamilien. Urta har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planta vert kring 2 dm høg. Silkelodne blad med tre nervar, øvre støtteblad står rett ut. Svartbrune korgdekkblad. Blomstrar kring juli månad på enger og i skogar til fjells. Veks i alle fjelltrakter i Noreg, og også ned i låglandet. Funnen opp til 1780 m i Jotunheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.