Settimopasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nedstigninga frå Settimopasset på sørsida

Settimopasset eller Septimerpasset er ein historisk viktig fjellovergang i kantonen Graubünden i Sveits. Fjellvegen, som når opp i 2 310 meter over havet, knyter saman distriktet Hinterrhein og dalen Surses i nord med Val Bregaglia i sør.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Settimopasset var i bruk i bronsealderen og var i mellomalderen eit av det viktigaste sambanda mellom Nord-Italia og Chur og Bodensjøområdet. I denne tida vart kjerrevegen over fjellet brukt av både kjøpmenn, hærar og keisarar, noko som var grunnlaget for Graubünden sin posisjon som passtat. Etter opninga av vegen over Splügenpasset i 1823 mista Settimopasset noko av si rolle. Tre år seinare vart Julierpasset, som berre ligg få kilometer lenger aust, opna. Trafikken tok då i staden vegen over Julier- og Malojapasset, og Settimopasset hadde utspela si rolle som overfartsveg. I dag kan Settimopasset einast passerast til fots eller på terrengsykkel. Enkelte stader er steinlagde delar av den gamle vegen godt bevart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]