Sevansjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sevan
Սևանա լիճ
innsjø
Utsyn over Sevan
Land  Armenia
Tilsig 28 elvar
Utløp fordamping (90 %), Hrazdan
Høgd over havet 1930 moh.
Lengd 78 km
Breidd 56 km
Areal 940 km²
Volum 58 km³
Koordinatar 40°19′N 45°21′E
Kart
Sevansjøen
40°18′38″N 45°20′57″E / 40.310555555556°N 45.349166666667°E / 40.310555555556; 45.349166666667
Wikimedia Commons: Lake Sevan

Sevan eller Sevansjøen (armensk Սևանա լիճ, kalla Geghamsjøen (Գեղամա ծով) i antikken) er den største innsjøen i Armenia og ein av dei største fjellinnsjøane i verda. Heile innsjøen ligg innanfor den austlege provinsen Gegharkunik. Han får vatn frå 28 elvar og bekkar[1]. Berre 10 % av utsiget går gjennom elva Hrazdan, medan resten fordampar. I lag med Vansjøen og Urmiasjøen, var Sevan ein av dei tre store innsjøane i det historiske Kongeriket Armenia, som samla gjekk under namnet Dei armenske sjøane. I dag er innsjøen derimot den einaste av desse tre som framleis ligg i Armenia. Sevanavank er det historiske området nær innsjøen.

Før mennesket blanda seg inn og drastisk endra økosystemet i innsjøen var han 95 m djup, og dekte eit areal på 1 360 km2 (5 % av Armenia sitt totale areal), og hadde eit volum på 58 km3 og ein omkrets på 260 km. Overflata på innsjøen var 1 950 m over havet.

Innblanding[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen sett frå verdsrommet

I 1910 gav Soukias Manasserian, ein av sivilingeniør som skapte Aralsjø-katastrofen, ut ein vitskapleg rapport som føreslo og tappe innsjøen for vatn for kunstig vatning og vasskraft. Vassflata på innsjøen skulle senkast 45 meter.

I Stalin-perioden vart planen litt endra, og vassnivået skulle reduserast med heile 55 meter, omkretsen ville minke 80 km, og volumet ville berre verte 5 km3. Nøtt og eik skulle plantast i dei nyvunne landområda, og ein skulle setje aure ut i restane av innsjøen for å tidoble fiskeproduksjonen.

Det armenske Høgste Sovjet godtok planen utan å konferere med den lokale folkesetnaden, og arbeidet byrja i 1933. Elveleiet til Hrazdan vart gjort djupare og ein konstruerte ein tunnel 40 meter under det opphavlege vassnivået. Arbeidet vart forseinka av Den andre verdskrigen og vart først ferdig i 1949. Etter dette byrja vassnivået å gå ned med meir enn ein meter per år.

Ein økologisk katastrofe, som den i Aralsjøen, vart hindra då Stalinist-perioden enda i 1956, og prosjektet og konsekvensane det hadde vart nøye gjennomgått. Sidan det var problem med å plante eik og nøttetre og med fiskeria, vart det etablert ein Sevankomité som fekk i oppdrag å «heve vassnivået så mykje som mogeleg». Vasskraftverka i Hrazdan skulle erstattast med varmekraftverk. I 1962 stabiliserte vassnivået seg 18 meter under det opphavlege nivået, men to år seinare starta innsjøen å «bløme» på grunn av eutrofe alger.

I 1981 vart det konstruert ein 49 km lang tunnel, som leia vatn frå elva Arpa (frå eit reservoar nær Kechut) til ein innsjø nær Artsvanist. Vassnivået i innsjøen steig berre 1,5 m, så ein annan 22 km lang tunnel vart påbyrja frå Vorotan (sør for Kechut). I 1988 påla Aserbajdsjan ein økonomisk blokade av Armenia på grunn av Nagorno-Karabakh-konflikten og arbeidet måtte stoppast. 18 km vart konstruert før Sovjetunionen braut saman.

Den armenske regjeringa gjorde ferdig Vorotantunnelen i 2003, men vatnet har enno ikkje byrja å strøyme inn i innsjøen. Nivået har stabilisert seg 20 meter under det opphavlege nivået, og arealet til innsjøen er no 940 km². På grunn av regnvêr dei siste åra og andre endringar, har vassnivået igjen byrja å stige (2005).

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Sevanaure (Salmo ischchan) er ein fiskeart som opphavleg berre fanst i denne innsjøen, men han er truga etter at andre, konkurrerande artar vart innført i innsjøen, inkludert sik (Coregonus lavaretus) frå Ladoga, gullfisk (Carrasius auratus) og kreps (Astacus leptodactylus). Om sevanauren vert utrydda i Sevan, så ser han ut til å ville overleve i innsjøen Issyk-Kul (Kirgisistan) der han vart innført på 1970-talet.

Innsjøen er ein viktig ynglestad for armenarmåse (Larus armenicus) med om lag 4000–5000 par. Andre fuglar i innsjøen er dvergsvane (Cygnus columbianus), dverggås (Anser erythropus), raudhovudand (Netta rufina), kvitaugeand (Aythya nyroca) og steppemåse (Larus ichthyaetus). Mufflonen har vorte kraftig redusert på grunn av jakt og mindre beiteområde, og sevanauren, som utgjorde 30 % av fisken i innsjøen, er så godt som borte.

Ein annan utryddingstrua dyreart nær innsjøen er den armenske leoparden eller panteren (Panthera pardus tullianus).

Strender[endre | endre wikiteksten]

Det er mange strender langs heile kysten av innsjøen. Det mest vidkjente kulturminnte er Sevanavank-klosteret nær byen Sevan på nordvestkysten. Opphavleg var klosteret på ei øy, men etter at vassnivå minka, så vart det ei halvøy. Eit anna kloster ligg på vestkysten og heiter Hayrivank, og lenger sør, nær Noratus, ligg ei slette med khatsjkarar, ein gravplass med om lag 900 khatsjkar-steinar i forskjellig stil. Fleire khatsjkar-steinar finn ein ved Nerk'in Getashen på sørkysten. Då vassnivået fall fann ein fleire arkeologiske lekamar som var 2000 år eller eldre, nokre så gamle som tidleg bronsealder. Dei fleste av desse er no utstilt i Jerevan.

Klosteret på øya[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjer ved Sevanavank.

Klosteret vart bygd på ei øy ut i frå tre kyrkjer. Det søkkande vatnet har ført til at øya dei siste 50 åra har vore ei halvøy. Øya vart ikkje folkesett før slutten av 700-talet, då munkar bygde eit kapell og fleire celler. Klosteret vart grunnlagd i 874 av kong Ashot I, grunnleggjaren av Bagratid-dynastiet, og dotter hans Mariam. To kyrkjer står igjen i dag, St. Arakelots og Astvatsatsin. Klostert vart brukt til både tilbeding og pilegrimsferder, og som gøymestad for armenske adelsmenn som hadde fall i unåde. Det var òg opphaldstaden og hovudkvarteret til kong Ashot, og herfrå leia han slag mot invaderande arabarar i 859.

Under slaga kjempa munkar og dei geistlege side om side med hæren for å slå tilbake arabarane, men fleire invasjonar frå arabarane og Det osmanske riket fylgde. Munkane på øya var stadig i kamp for å verne klosteret, og slik var livet i og rundt klosteret i nesten 500 år, før Persarriket og Det osmanske riket delte Det armenske kongeriket mellom seg. Munkane i Gegham-kiunik spesialiserte seg på medisin, og nokre av dei naturlege kurane deira vert framleis brukt, basert på urter som veks vilt rundt innsjøen. Klosteret var i drift fram til 1900-talet, og den siste munken drog bort frå klosteret i 1930. I dag vert klosteret brukt som ei kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Armenian people from ancient to modern times: from antiquity to the fourteenth century - Side 8 av Richard G. Hovannisian - 1997

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]