Sevastopol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 44°36′0″N 33°31′48″E
Sevastopol
Севастополь, Aqyar
by
none  Sevastopol
Sevastopol
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Region Krim
Rajon Sevastopol kommune
høgd 100 moh
koordinatar 44°36′0″N 33°31′48″E
Areal 864 km²
Folketal 379 200 (2007)
 - storby 430 500
Tettleik 439 / km²
Grunnlagd 1783
borgarmeister Vladimir Grigorijevitsj Jatsuba
Tidssone MSK (UTC+4)
Postnummer 99000—99699
Retningsnummer +380-692
Bilnummer CH
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: http://sev.gov.ua/en/

Sevastopol (ukrainsk og russisk: Севастополь; krimtatarisk: Aqyar, eldre Achtijar; historisk Sebastopol) er ein by i det sørlege Ukraina, heilt sør på Krimhalvøya i Svartehavet. Byen har i kring 379 000 innbyggjarar (2005).

Sevastopol sett frå Svartehavet.

Byen ligg strategisk til og har ei framifrå naturleg hamn i Severnajabukta. Han var tidlegare base for den sovjetiske svartehavsflåten og er i dag den største marinebasen i Ukraina. Den russiske svartehavsflåten har òg hovudbasen sin her, då Russland og Ukraina etter oppløysinga av Sovjetunionen inngjekk ein avtale som gav Russland rett til opphald på Sevastopol-basen. Avtalen gjeld til 2019.

Byen tek mot mange turistar. Mellom turistmåla er dei mange marine musea, og det store panoramaet som viser forsvaret av bastionen Malakov under Krimkrigen. Omgjevnadene rundt byen vert rekna for særleg naturskjønne. Fram til 1996 var Sevastopol ein lukka by. Blant andre næringar enn handel, transport og turisme, finn ein industri samt produksjon av matvarer. Folkesetnaden er i hovudsak russisk-språkleg.

Administrativt høyrer Sevastopol og omlandet til Sevastopol kommune, som administrativt er skild frå resten av den autonome republikken Krim. Kommunen er delt inn i fire rajonar. Ved sidan av byen Sevastopol omfattar kommunen tre byar; Balaklava, Inkerman og Katja samt 29 landsbyar.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Sevastopol (eldre staving: Sebastopol) kjem av gresk Σεβαστόπολις (klassisk gresk: Sebastópolis; nygresk Sevastópolis). Namnet er samansett av to ord: σεβαστός (sebastós, sevastós), «vyrdnadsverd» og πόλις (pólis), «by». Sebastós var den tradisjonelle greske omsetjinga av latinsk Augustus, den tittelen som låg til den fyrste keisaren av romarriket og etterfylgjarane hans. Namnet er likevel ikkje av gammalt gresk opphav. Byen fekk truleg namnet av tsarina Katarina II av Russland, grunnleggjar av den moderne byen.

Den antikke greske byen som låg på plassen til Sevastopol vart kalla Khersonesos, «halvøy». Namnet er etter det antikke greske namnet på Krim, Khersonēsos Taurikē, «Den tauriske halvøya».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Panoramamuseet i Sevastopol.

På 700-talet f.Kr. oppretta grekarar frå Milet ein handelsplass ved dagens Sevastopol. På slutten av 600-talet flytta busetarar frå Herakleia Pontike til staden, som vart den viktigaste busetnaden på Krim. Under romersk og seinare bysantinsk styre beheldt staden sitt greske preg. Etter den mongolske kringsetjinga og påfylgjande innehav forfall staden på 1300-talet.

Tsar-Russland erobra Krimhalvøya år 1783 vart byen grunnlagd på nytt og det kjende citadellet vart oppretta. Byen vart ein viktig flåtebase og seinare ei kommersiell hamn. Mellom 1797 og 1826 gjekk byen under det krimtatariske namnet Achtijar. År 1855 vart Sevastopol kringsett av britar og franskmenn under Krimkrigen. Byen fall etter elleve månader. I Panoramamuseet finst Franz Roubaud sitt hundre meter lange panoramamåleri av kringsetjinga. Måleriet vart skadd under andre verdskrigen men har vorte restaurert og har sidan 1954 vore utstilt i den runde museumsbygningen.

Under 2. verdskrigen motstod Sevastopol i 250 dagar mellom 1941 og 1942 aksemaktene si kringsetjing. Byen vart gjenerobra av den raude armeen den 9. mai 1944 og fekk året etter den sovjetiske tittelen helteby.

I sovjettida var Sevastopol ein stad av stor militær vekt og derfor ein lukka by. Han var direkte underlagd styresmakter på republikknivå, fyrst under Russisk SFSR, og etter 1954, då han saman med heile Krim vart overførd til Ukraina, under Ukrainsk SSR. År 1957 vart byen Balaklava ein del av Sevastopol.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sevastopol har eit av dei varmaste klimaa i Ukraina med milde vintrar og moderat varme somrar. Sevastopol har eit fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfa)[1] nær grensa til fuktig kontinentalklima og steppeklima.

Årsmiddeltemperaturne er 15-16 ºC på dagtid og kring 9 ºC på natta. I dei kaldaste månadane, januar og februar, er middeltemperaturen 5-6 ºC på dagtid og kring 1 ºC på natta. Dei varmaste månadane, i juli og august, er middeltemperaturen kring 26 ºC på dagtid og 19 ºC på natta. Årsmiddelnedbøren er kring 400 mm og byen har kring 2200 soltimar i året.[2]

Klimadata for Sevastopol
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 5.9 6.0 8.9 13.6 19.2 23.5 26.5 26.3 22.4 17.8 12.3 8.1 15,9
Døgnmiddeltemp. °C 2.9 2.8 5.5 9.9 15.2 19.5 22.4 22.1 18.2 13.9 8.9 5.1 12,2
Normal min. temp. °C -0.2 -0.4 2.0 6.1 11.1 15.5 18.2 17.9 13.9 9.9 5.4 2.0 8,5
Nedbør (mm) 26 25 24 27 18 26 32 33 42 32 42 52 379
Normal mengd nedbørdagar 12 11 10 10 9 9 7 8 7 9 11 13 116
Normale månadlege solskinstimar 93 87 155 180 248 300 310 279 240 186 90 62 2 230
Kjelde nr. 1: weather2travel.com[2]
Kjelde nr. 2: svali.ru[3]


Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]