Seven Summits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Høgdekart med toppane på Seven Summits-lista markert. Figuren viser ni mogelege toppar i følgje ulike definisjonar på grenser mellom verdsdelar.

Seven Summits ('Dei sju fjelltopppane') er dei høgaste fjelltoppane i kvar av dei sju verdsdelane. Dei er alle rekna som utfordringar i fjellklatring. Seven Summits vart først nemnd av Richard Bass i 1980.[1]

Definisjonar[endre | endre wikiteksten]

Johan Ernst Nilson på toppen av Elbrus som del av ein Seven Summits-tur.

Grensene mellom verdsdelar (geografiske, geologiske, geopolitiske) vert tolka forskjellig, og derfor er det mogeleg med fleire definisjonar på dei høgaste fjelltoppane for kvar verdsdel og talet på verdsdelar. Talet på verdsdelar som er nytta i Seven Summits er basert på modellen som vert brukt i Vest-Europa og i USA.

Oseania[endre | endre wikiteksten]

Det høgaste fjellet på det australske fastlandet er Mount Kosciuszko (2 228 m) og den høgaste fjelltoppen på det det australske kontinentet er Puncak Jaya (òg kalla Carstensz Pyramid, 4 884 m eller 5 030 m[2]).

Europa[endre | endre wikiteksten]

Den høgaste fjelltoppen i Europa, som er ålment akseptert, er Elbrus (5 642 m) i Kaukasus. Elbrus er det høgaste fjellet i Europa så lenge ein reknar Kaukasus som ein del av Europa. Dette er derimot omstridd, og andre meiner at Mont Blanc (4 808 m) i Alpane er det høgaste fjellet i Europa.

Bass og Messner-lister[endre | endre wikiteksten]

Den første Seven Summits-lista vart sett opp av Bass (Bass eller Kosciusko-lista), og her er Mount Kosciuszko (2 228 m) den høgaste toppen på det australske kontinentet.

Reinhold Messner sette opp ei anna liste (Messner eller Carstensz-lista) der han byttar ut Mount Kosciuszko med Carstensz Pyramid (4 884 m) på Ny-Guinea. Verken Bass eller Messner sine lister har med Mont Blanc. Frå ein fjellklatrar sitt synspunkt er Messner-lista den mest utfordrande. Klatringa av Carstensz Pyramid er langt vanskelegare, og krev nærast ein ekspedisjon, medan Kosciuszko er ein lett tur.

Klatrarar på toppen av Kilimanjaro som del av Seven Summits-utfordringa.
«Seven» Summits (sortert etter verdsdel)
Bass Messner Topp Høgd i m Verdsdel Område Nasjon
X X Kilimanjaro (Kibo Summit) 5 895 Afrika Kilimanjaro Tanzania
X X Vinson-massivet 4 892 Antarktis Ellsworth-fjella ingen
X Kosciuszko 2 228 Australia Great Dividing Range Australia
X Carstensz Pyramid (Puncak Jaya) 4 884 Oseania Pegunungan Maoke Indonesia
X X Mount Everest 8 848 Asia Himalaya Nepal, Kina
X X Elbrus 5 642 Europa (Asia) Kaukasus Russland
X X Mount McKinley (Denali) 6 194 Nord-Amerika Alaska USA
X X Aconcagua 6 962 Sør-Amerika Andesfjella Argentina

Historie[endre | endre wikiteksten]

Richard Bass, ein amerikansk forretningsmann og amatørklatrar, sette seg som mål å klatre dei høgaste toppane på kvart kontinent, medrekna det australske fastlandet. Han engasjerte David Breashears som førar på Everest, det vanskelegaste av dei sju, og fullførte oppgåva 30. april 1985. Han var så medforfattar i ei bok, Seven Summits, som skildrar denne oppgåva.[1]

Reinhold Messner reviderte lista til Bass ved å erstatte Australia med Australia-Ny Guinea-kontinentet . Pat Morrow var den første til å ta imot Messner si utfordring, og avslutta med å klatre Puncak Jaya den[7. mai 1986, følgt hakk i hel av Messner sjølv, som klatra Vinson den 3. desember 1986. Morrow er òg den første som fullførte klatringa av alle åtte toppane på begge listene.

I 1990 vart Rob Hall og Gary Ball dei første som fullførte alle sju toppane på sju månader. Dei nytta Bass-lista og byrja med Mount Everest den 10. mai 1990 og avslutta med Vinson den 12. desember 1990, berre timar før dei sju månadane var ute.

Den første kvinna som fullførte Bass- og Messner-listene var Junko Tabei som fullførte dei 28. juli 1992 med klatringa av Elbrus.

Per mars 2007 har meir enn 198 fjellklatrarar klatra alle sju toppene på anten Bass- eller Messner-lista. Om lag ein tredjedel av desse har fullført klatringa av alle åtte toppane på begge listene.

  • Det kortaste tidsrommet nokon har klart å fullføre alle sju klatringane ved å klatre Kosciuszko er 172 døgn[3]
  • Verdsrekorden for dei sju med Carstensz Pyramid er 187 døgn, og dette vart utført av den kanadiske fjellklatraren Daniel Griffith i 2006. Griffith fullførte klatringa i denne rekkefølgja: Everest (24. mai), McKinley (15. juni), Elbrus (4. juli), Carstensz Pyramid (24. sept.), Kilimanjaro (3. okt.), Aconcagua-(20. okt.) og Vinson (27. nov.)[4]
  • I desember 2006 vart Davo Karnicar den første som hadde stått på ski ned alle sju toppane.[3]

Kritkk av Seven Summits-utfordringa[endre | endre wikiteksten]

Populariseringa av Seven Summits har ført til motførestillingar med argument som at det fristar ambisiøse og uerfarne til å betale store summar til profesjonelle førarar som lokkar med Seven Summits og at førarane derfor kan føle seg tvinga til å presse på for å fullføre oppgåva sjølv om det går ut over helse og tryggleik.

Klatraren og forfattaren Jon Krakauer (1997) skreiv i Into Thin Air at det ville vore ein større utfordring å klatre dei nest høgaste toppane på kvart kontinent, kjend som Seven Second Summits. Dette stemmer i særleg grad for Asia, der K2 (8 611 m) er langt vanskelegare enn Mount Everest (8 848 m).

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bass et al 1986
  2. Den høgaste, men eldre høgdegjevinga finst enno på ein del kart, men er ikkje akseptert av Indonesia eller det internasjonale klatremiljøet, og er heller ikkje støtta av seinare målingar. Høgoppløyselege IFSAR-data skaffa av Intermap viser ingen målingar høgare enn 4 863 m.
  3. 3,0 3,1 Facts & figures of all 7 summiteers
  4. Canadian man climbs highest mountains on seven continents in 187 days

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]