Sevenoaks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sevenoaks

Plassering
Sevenoaks is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Kent
Distrikt Sevenoaks
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

18 588
Koordinatar 51°17′″N 0°11′″EKoordinatar: 51°17′″N 0°11′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer TN13, TN14
Telefon-retningsnummer 0 1732
Commons har multimedium som gjeld: Sevenoaks

Sevenoaks er ein by i Kent i England. Han er administrasjonssenter for distriktet Sevenoaks. Byen ligg omkring 40 km frå London, og mange av innbyggjarane er derfor pendlarar. Elva Darent spring ut ved Riverhead innanfor bygrensa. Folketalet er kring 18 000 (2004).

Namnet kjem frå gammalengelsk Seouenaca, «sju eiketre», som var namnet på eit lite kapell som omkring år 800 stod ved sidan av sju eiketre. Namnet har såleis ikkje blitt forvanska eller endra slik det er tilfelle mange andre stader, men har berre utvikla seg saman med språket. Ei moderne segn seier at byen vart namngjeven etter sju eiketre som stod ved sidan av cricketbanen. Dette skaut særleg fart etter at seks av trea vart øydelagd under ein stor storm i 1987. Men desse trea vart ikkje planta før i 1902, for å minnast kroninga av Edward VII, og kom såleis mange hundreår seinare enn bynamnet. Dei øydelagde eikene vart erstatta av sju nye, og sida det siste overlevde står det no åtte eiketre ved banen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sevenoaks er ikkje nemnd i Domesday Book, medan landsbyen Otford var med. Dette kan tyde på at staden i 1086 hadde svært få innbyggjarar og ingen viktige eigedomar. På 1200-talet vart det etablert ein marknad i Sevenoaks, og i 1456 kjøpte Thomas Bourchier, erkebiskop av Canterbury, ein eigedom og bygde eit hus der.

To hospital vart oppretta av religiøse ordenar i mellomalderen. Desse gav stell spesielt til eldre menneske og pilegrimar på veg til Canterbury.

Aust for byen ligg Knole House, ein herregard med ein stor rådyrpark som høyrer til hertugen av Dorset, Sackville-familien. Den vart gjeve til familien av Elisabeth I i 1577. Eigedomen vert no eigd av National Trust, men familien er framleis busett der.

Cricketbanen i Sevenoaks er ein av dei eldste i England. Han vart gjeven til byen av John, 3. hertug av Dorset, som då eigde Knole House i 1773. Han er òg kjent for å vere den første banen der ein spelte cricket med tre stavar, slik det vert spelt i dag.

Den sentrale jernbanestasjonen vart opna i 1868. I 1927 var byen åstad for ei alvorleg togulykke, då eit passasjertog mista kontrollen. Tretten menneske mista livet. Sjølv om dødstalet er langt frå det høgaste for slike ulykker, fekk ulukka stor merksemd fordi det skjedde i sjølve byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]