Seventh Sojourn
| Seventh Sojourn Studioalbum av The Moody Blues |
||
| Utgjeve | 17. november 1972 | |
| Innspelt | Januar og mai - september 1972 Decca Tollington Park Studios, London |
|
| Sjanger | Progressiv rock Psykedelisk rock |
|
| Lengd | 39:29 | |
| Selskap | Threshold Records | |
| Produsent | Tony Clarke | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| The Moody Blues-kronologi | ||
| Every Good Boy Deserves Favour (1971) |
Seventh Sojourn | = This Is The Moody Blues (1974) |
Seventh Sojourn er det åttande albumet til The Moody Blues og kom ut i 1972.
På dette albumet nytta The Moody Blues, i tillegg til ein Mellotron, eit tangentinstrument kalla Chamberlin, som liknar på Mellotron. Dette instrumentet kunne simulere orkesterlydar meir realistisk og lettare enn mellotronen.
Seventh Sojourn nådde femteplassen på albumlista i Storbritannia og vart det første albumet deira som nådde toppen av lista i USA, der det låg i fem veker.
Det kom to hitsinglar frå albumet, «Isn't Life Strange» (13. plass i Storbritannia, 29. plass i USA) og «I'm Just a Singer (In a Rock and Roll Band)» (36. plass i Storbritannia, 12. plass i USA). Begge desse songane vart overskugga av ei nyutgjeving av «Nights in White Satin», som vart spelt inn i 1967. Denne singelen nådde 9. plass i Storbritannia og 2. plass i USA, den høgaste listeplasseringa dei oppnådde med ein singel i USA.
Då det var vanskar med å spele inn dette albumet, valte gruppa å ta ein pause etter ein turne i Asia i 1974. Dei kom saman att i 1977 for å spele inn Octave.
I april 2007 vart albumet gjeve ut på SACD med fire bonusspor. Songen «Island», blant desse bonusspora, vart spelt inn i 1973 og var ein av songane meint for ein oppfølgjar til Seventh Sojourn. I 2008 vart ei ny utgåve med dei same bonusspora gjeve ut på ein standard lyd-CD.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «Lost in a Lost World» | Mike Pinder | 4:42 | ||||||
| 2. | «New Horizons» | Justin Hayward | 5:11 | ||||||
| 3. | «For My Lady» | Ray Thomas | 3:58 | ||||||
| 4. | «Isn't Life Strange» | John Lodge | 6:09 | ||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 5. | «You and Me» | Hayward, Graeme Edge | 4:21 | ||||||
| 6. | «The Land of Make» | Hayward | Believe | ||||||
| 7. | «When You're a Free Man» | Pinder | 6:06 | ||||||
| 8. | «I'm Just a Singer (In a Rock and Roll Band)» | Lodge | 4:18 | ||||||
Bonusspor [endre]
- "Isn't Life Strange (Original Version)" (Lodge) – 8:10
- "You and Me (Beckthorn Backing Track)" (Hayward, Edge) – 6:33
- "Lost in a Lost World (Instrumental Demo)" (Pinder) – 4:41
- "Island" (Previously Unreleased) (Hayward) – 4:30
Lister [endre]
Album [endre]
| År | Liste | Plassering |
|---|---|---|
| 1972 | Billboard 200 | 1 |
Singel [endre]
| År | Singel | Liste | Plassering |
|---|---|---|---|
| 1972 | «Isn't Life Strange» | Storbritannia | 13 |
| 1972 | «Isn't Life Strange» | Billboard Hot 100 | 29 |
| 1972 | «I'm Just a Singer (In a Rock and Roll Band)» | UK Singles Charts | 36 |
| 1972 | «I'm Just a Singer (In a Rock and Roll Band)» | Billboard Hot 100 | 12 |
Medverkande [endre]
- Justin Hayward - vokal, gitar
- John Lodge - vokal, bass
- Ray Thomas - vokal, fløyte, tamburin
- Graeme Edge - trommer, perkusjon, vokal
- Mike Pinder - vokal, chamberlin, mellotron
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Seventh Sojourn» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ David Stubbs Uncut, mai 2007, Issue 120