Severia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riksvåpenet åt Severia. 1672

Severia (russisk Северщина, Seversjtsjina; ukrainsk Сіверія eller Сіверщина, Siveria eller Siversjtsjyna, polsk Siewierszczyzna) er ein historisk region nord i Ukraina og sørvest i Russland, rundt byen Novkhorod-Siverskyj (tidlegare Novgorod-Severskij), på grensa mellom Russland og Ukraina.

Severianar[endre | endre wikiteksten]

Regionen har fått namn etter severianar, eit austslavisk folk som busette område nærare år 1000. Dei viktigaste busetnadane deira er mellom det som i dag er byane Novkhorod-Siverskyj, Tsjernikhiv (Tsjernigov), Putyvl (Putivl), Khlukhiv (Glukhov), Liubetsj, Kursk, Rylsk, Sevsk og Brjansk.

Severianane støtta khazarane og aust-polanane og vart erobra av Oleg av Novgorod, som innlemma landområda deira i det nye fyrstedømet Kievriket. Under Jaroslav den vise (1019–1054) hadde severiane mista mykje av særpreget sitt og områda i Severia langs den øvre delen av elva Desna kom under Tsjernikhiv sin kontroll.

Fyrstedømet[endre | endre wikiteksten]

I 1096 oppretta Oleg av Tsjernigov det store Severiske fyrstedømet, som strekte seg til dei øvre delane til Oka. Fram til slutten av hundreåret var fyrstedømet ein bufferstat mot åtak frå kiptsjakar. Etter mongolinvasjonen av Russland fall fyrstedømet i grus, men vart verande intaktt gjennom tatarinvasjonane. Ein kjenner lite til Severia i denne perioden på 1200- og 1300-talet på grunn av få skriftlege kjelder. På 1400-talet to Storthertugdømet Litauen over området. Etter at dei tapte slaget ved Vedrosja, gjekk det severiske fyrstedømet til Storfyrstedømet Moskva, og var ein del av Det russiske riket i fleire hundreår, bortsett frå ein kort periode mellom 1618 og 1648, då det var innlemma i Det polsk-litauiske samveldet etter Deulinoavtalen (1618).

På 1700-talet oppretta hetmanar av Ukraina bustader i byane Baturyn, Khlukhiv og Potsjep. Sørleg Khlukhiv utvikla seg til eit ein sann hovudstad i Ukraina på 1700-talet.

Etter Oktoberrevolusjonen vart Severia, med mykje ukrainsk arkitektur og folk, delt mellom dei sovjetiske republikkane Ukrainsk SSR og Russisk SFSR og området vart dermed delt i to.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]