Severn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
River Severn
walisisk Afon Hafren
elv
none  Severn i Shrewsbury frå Shrewsbury Castle.
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Delar Wales, England
Regionar Midt-Wales, West Midlands, Sørvest-England
Administrative
område
Powys, Shropshire, Worcestershire, Gloucestershire
Tilløp
 - venstre Vyrnwy, Tern, Stour, Warwickshire Avon, Bristol Avon
 - høgre Teme, Wye
Byar Shrewsbury, Worcester, Gloucester, Bristol
Landemerke Ironbridge Gorge, Severndalen, Severn Bore, Severn crossing
Kjelde
 - stad Plynlimon, Wales
 - høgd 610 moh
 - koordinatar 52°29′37″N 3°44′5″W
Munning Severn-estauaret
 - stad Bristolkanalen, Storbritannia
 - høgd moh
Lengd 354 km
Nedslagsfelt 11 420 km²
Vassføring for Bewdley, Worcs.
 - middel 61,17 /s [1]
 - maks 533,48 /s
Sideelvar (lyseblått) og store busetnader ved og nær Severn (mørkeblå)
Sideelvar (lyseblått) og store busetnader ved og nær Severn (mørkeblå)

Severn (walisisk Afon Hafren) er med 354 km den lengste elva i Storbritannia. Ho startar på 610 moh i Plynlimon ved Llanidloes i Dei kambriske fjella i Wales, fortset gjennom fleire engelske grevskap, renn ut i Bristolkanalen og derfrå vidare ut i Irskesjøen. Blant byane ho passerer er Worcester, Gloucester og Shrewsbury. Namnet er ifølgje nokre kjelder avleidd frå namnet Sabrina eller Sabern, som er knytt til ei myte om ein nymfe som drukna i elva. Den dalen som elva går gjennom heiter Severndalen. Dei største sideelvane er Vyrnwy, Tern, Stour, Upper Avon, Lower Avon, Teme, Leadon og Wye.

Severntunnelen fører jernbanelinja Great Western hovudlinje under Bristolkanalen. To bruer som blir kalla Severnbruene, opna i 1966 og 1996, bind Wales saman med det sørlege England, og er dermed vitale delar av det britiske transportnettet. Det finst ei rekkje andre bruer over elva, fleire av dei teikna av ingeniøren Thomas Telford. Ei av bruene er Ironbridge frå 1779, som er den første jernbrua i verda, og ei strekning på omkring 10 l, i Shropshire, kjent som Ironbridge Gorge, vart sett på UNESCO si verdsarvliste i 1986. Området var heilt sentralt under den industrielle revolusjonen. Her ligg i dag Ironbridge kraftverk.

Ved Tewkesbury renn ei av dei britiske elvene ved namn Avon inn i Severn. Hamna til Bristol ligg ved munningen av Severn, og der renn ei anna Avon inn i ho. Mellom Gloucester og den walisiske grensa renn elva forbi Forest of Dean.

Fleire kanalar er knytt til Severn: Staffordshire & Worcestershirekanalen, Worcester & Birminghamkanalen, Droitwichkanalene og Herefordshire & Gloucestershirekanalen.

Den nedre delen av Severn har ei tidvassbølgje, som blir kalla Severn bore. Bristolkanalen som elva renn ut i har ein av dei største tidvasskilnadane i verda, omkring 15 meter. Under visse tilhøve blir vatnet pressa innover i elvemunningen og dannar ei bølgje som raskt flyttar seg oppover i elva mot straumen. Bølgja er kraftig nok til at det har vore surfa på ho.

Langs Bristolkanalen ligg viktige vadefuglområde, spesielt ved Bridgwater Bay nasjonale naturreservat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Severn