Severodvinsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Severodvinsk
Северодвинск
Sevsk.JPG
Byvåpenet til Severodvinsk
Byvåpenet til Severodvinsk


Plassering
Severodvinsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Arkhangelsk
Grunnlagd
Bystatus
1936
1938
Borgarmeister Aleksander Beljajev
Geografi
Flatevidd
 - By

120,51 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

193 200
  1 603,2 /km²
Koordinatar 64°34′0″N 39°51′0″EKoordinatar: 64°34′0″N 39°51′0″E
Høgd over havet 7 moh
Tidssone
- Ved sommartid
KRAT (UTC+7)
KRAST (UTC+8)
Diverse annan informasjon
Postnummer 164500–164528
Retningsnummer (tlf) (+7)8184
Nettstad: www.severodvinsk.info

Severodvinsk (russisk: Северодви́нск) er ein by i Arkhangelsk oblast i Russland som ligg i deltaet til elva Nordre Dvina, 35 km vest for Arkhangelsk. Innbyggjartalet er 201 551 (folketeljing 2002).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det karelske St. Nikolas-klosteret tidleg på 1900-talet
Inngangen til Det karelske St. Nikolas-klosteret (1691), no i Kolomenskoje-muséet i Moskva.

Busetnaden på staden der den noverande byen Severodvinsk ligg vart først nemnt i 1419, då svenskane segla inn i bukta og brente ned klosteret Nikolo-Korelskij som låg ved kysten. Dette klosteret meiner ein vart grunnlagt av St. Euphemius, ein ortodoks misjonær i dei karelske landa. Klosteret låg i ruinar til 1471, då to søner av Marfa Boretskaja vart drepen under ein forrykande storm, og lika deira vart funne på stranda nær klosteret tolv dagar seinare. Etter overtalingar frå Boretskaya vart klosteret gjenoppbygd og hennar to søner gravlagt der.

Klosteret blomstra etter skipinga av det engelske Muscovy Company, sidan mesteparten av handelen til selskapet gjekk gjennom den lokale hamna. Dei noverande bygningane på klosteret vart bygt på slutten av denne perioden. St. Nikolas-katedralen, med sine fem kuplar, vart bygt 1670-74. Fleire tiår seinare vart veggane og tårna bygt i tømmer, og dei best bevarte av desse tårna vart i Sovjet-tida frakta til Kolomenskoje i Moskva, der ein kan sjå dei i dag.

I dag[endre | endre wikiteksten]

Den noverande byen Severodvinsk vart utbygt i Sovjetperioden og fekk bystatus i 1938. I perioden 1938–1957 hadde han namnet Molotovsk (russisk: Мо́лотовск), etter Vjatsjeslav Molotov.

Under den andre verdskrigen var Severodvinsk staden der ein stor del av materiala som vart levert til Sovjetunionen via dei arktiske konvoiane til Murmansk og Arkhangelsk faktisk vart lossa.

Byen er hovudbasen for dei russiske atomubåtane, og har òg store verft for bygging og reparasjon av ubåtar. Bygningane frå 1600-talet på Nikolo-Korelskijklosteret vart tilpassa og vert framleis nytta til skipsbyggingsformål.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nikolo-Korelskijklosteret
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Severodvinsk