Seyfert-galakse
Seyfert-galaksar er ein type aktiv galaksekjerne kjenneteikna ved ein stjerneliknande kjerne og emisjonslinjer frå høg-ionisert materiale med stor fart. Typen blei først identifisert av astronomen Carl Keenan Seyfert.
Seyfert-galaksar finst for det meste i tidlege spiralgalaksar (S0, Sa, Sb). Av Seyfert-galaksane finst det to undertypar; type 1 og type 2. Type 1 har spektrum som liknar på kvasarar og emisjonslinjene frå hydrogen (balmerlinjene) er mykje breiare enn andre emisjonslinjer. I spektrum frå type 2 er breidda på emisjonslinjene meir den same. Det er teorisert at type 2 er type 1 som blir sett gjennom gøymande materiale, og målingar av polarisering støttar opp om dette.
Den mest populære modellen for opphavet til Seyfert-galaksar er sentrale svarte hòl.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «Seyfert galaxy» s. 363 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.
|
|
||
|---|---|---|
| Morfologi | Elliptisk galakse · Linseforma galakse · Spiralgalakse · Stavspiralgalakse · Irregulær galakse · Dverggalakse · Ringgalakse | |
| Struktur | Supermassivt svart hòl · Bolning · Stav · Disk · Spiralarm · Galaksehalo · Mørk materie-halo | |
| Aktive galaksekjernar | Relativistisk jet · LINER · Radiogalakse · Seyfert-galakse · BL Lacertae-objekt · Blazar · Kvasar | |
| Vekselverknad | Stjernestraum · Vekselverkande galakse · Galakse med eksplosiv stjernedanning · Satellittgalakse · Galaksehop · Superhop | |
| Lister | Næraste | |