Sfærolitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sfærolittar i rhyolittisk oske i Hailstone Trail i Echo Canyon i Chiricahuafjella i Arizona.

Ein sfærolitt er eit tilnærma kuleforma krystallaggregat, bygd opp av krystallnåler i radiær ordning. Sfærolittane varierer i storleik frå mikroskopisk små til nevestore. Det finst særleg i lavaer, der dei opphavleg vart danna som glasskuler som seinare er devitrifisert, det vil sei dei har krystallisert, i kalksediment og i holrom i ulike bergartar.

Glashaldige sfærolittar er kjent i store mengder frå overflata til månen, og mange ber merke av å vere slengd ut som prosjektil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Sfærolitt». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 14. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sfærolitt