Shaftesbury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Shaftesbury

Gold Hill
Gold Hill
Plassering
Shaftesbury is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Dorset
Distrikt North Dorset
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

6 665
Koordinatar 51°0′″N 2°12′″WKoordinatar: 51°0′″N 2°12′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer SP7
Telefon-retningsnummer 0 1747
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Shaftesbury

Shaftesbury er ein by i Dorset, England. Han ligg ved vegen A30, like ved grensa til Wiltshire, på Cranborne Chase. Han ligg over 200 moh og er etter Ashmore den nest høgastliggjande busetnaden i Dorset og den einaste byen i grevskapet som ligg så høgt. Han er òg ein av dei eldste byane til landet. Turisme er ei av dei viktigaste inntektskjeldene for byen.

Det er utsikt over Blackmore Vale, som elva Stour renn gjennom. Frå utsiktspunktet er det mogleg å sjå heilt til Glastonbury Tor i nordvest og Purbeck i sør.

Mange av dei eldste bygningane er bygd med lokal sandstein, medan andre er reist med kalkstein frå Chilmark, mykje av han henta frå Shaftesbury Abbey etter at klostret vart nedlagt.

Byen er kjent for Gold Hill, ein bratt, brusteinsbelagt gate som er attgjeve på omslaget til ei rekkje bøker om Dorset og den engelske landsbygda. Ved toppen av gata ligg St. Peters kyrkje, som er ein av dei få bygningane frå før 1700-talet som står i byen. Andre attraksjonar er ruinane av klostret og Wardour slott.

Shaftesbury hadde ein av dei siste marknadene for levande dyr i Storbritannia fram til 2004, då det vart nedlagt. Det er seinare opna ein stort supermarknad på staden. Det blir enno halde ein vanleg marknad i byen kvar torsdag.

Thomas Hardy, som budde ein periode i distriktet, er inspirert av byen i fleire av verka sine, og ein kjenner han igjen i den fiktive byen hans Shaston.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den dokumenterte historia til Shaftesbury byrjar i angelsaksisk tid, men han vart grunnlagt tidlegare. Ein del identifiserer han med den keltiske byen Caer Palladur. Alfred den store grunnla ein festningsby (burgh) på staden i 880 for å forsvare området mot danane. Han grunnla saman med dottera Ethelgiva Shaftesbury Abbey i 888, noko som auka prestisjen til byen. Det vart etterkvart det rikaste klostret for benediktinarnonner i England. Athelstan grunnla tre kongelege myntverkstader, som slo mynt med bynamnet.

Kong Knut den store døydde der i 1035. I same hundreåret blir byen nemnd i Domesday Book (1086) som Scaepterbyrg. Han var då ått dels av krona og dels av klostret. Edvard Martyren vart gravlagt i klostret, som difor tiltrekte seg pilegrimar frå alle delar av landet.

I 1240 vitja kardinal Otto, som legat for Gregor IX, klostret og stadfesta chartret frå 1191. I 1260 fekk byen rett til å halde marknad, og i 1392 gav Richard II løyve til å ha to marknader for forskjellige dagar kvar veke. Innan 1340 hadde verva som borgarmeister vorte eit viktig embete, og han som vart valt vart innsett av forvaltaren til abbedissa.

Den siste abbedissa, Elizabeth Zouche, signerte ei overgjeving i 1539, då klostervesenet vart oppløyst i samband med reformasjonen. Klostret vart rive og eigedomane vart selt.

Frå 1296 til 1832 valde Shaftesbury to parlamentsmedlemmer. I reformloven av 1832 vart dette redusert til éin, og i 1884 vart valkretsen innlema i eit større område.

Under borgarkrigen var borgarane for det meste tilhengarane av parlamentarianarane, men rojalistane kontrollerte byen. Wardour slott fall til parlamentarianarane i 1643, og i august 1645 vart byen omringa. Han var då eit sentrum for Clubmen. Desse vart arrestert og stilt for retten i Sherborne. Under Monmouthopprøret i 1685 tok ikkje borgarar side.

Dei fleste av dei gamle bygningane har gått tapt, mange av dei gjennom byplanlegging. Blant anna vart dei gamle laugshallane rivne for å gje plass til ei breiare hovudgate; eit nytt rådhus vart reist i 1827.

1700- og 1800-talet var knappemakeri og veving viktigaste næringsvegar. Knappeindustrien fall snart bort på grunn av mekanisering, noko som førde til arbeidsløyse og emigrasjon.

Då fem gamle hovudvegar møttest ved Shaftesbury, var det god handelen med transportvogner. Men då jarnbana kom, vart han lagt utanom bye, noko som første til den stagnerte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]