Shamir i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shamir
kibbutz
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 33°9′55.43″N 35°39′38.51″E / 33.1653972°N 35.6606972°E / 33.1653972; 35.6606972
Folketal 920 (2019)[1]
Grunnlagd 1944
 - Grunnlagd av Rumenske Hashomer Hatzair-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Shamir i Israel
33°09′55″N 35°39′39″E / 33.165397222222°N 35.660697222222°E / 33.165397222222; 35.660697222222
Wikimedia Commons: Shamir

Shamir (hebraisk skrift שָׁמִיר) er ein kibbutz i Øvre Galilea i Israel. Han ligg på vestsida av Golanhøgdene, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 608.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart grunnlagd i 1944 av ei lita gruppe av hovudsakleg rumenske immigrantar. Den første generasjonen av nybyggjarar var medlemmar av den marxistiske sionistgruppa Hashomer Hatzair.

Etter den arabisk-israelske krigen 1948 vart den SN-oppretta grensa mellom Israel og Syria trekt berre nokre få hundre meter aust for kibbutzen.

Terroråtak[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerke for Edna, Shoshana og Judi.

13. juni 1974 gjekk fire terroristar[2] over grensa frå Libanon til Israel og inn i Shamir. Dei gjekk inn i eit av husa og skaut Edna Mor (som var gravid) og Shoshana Galili. Edna etterlet seg barn og ektemann. Terroristane skaut tilfeldig rundt seg. Judi Sinton, ein frivillig frå New Zealand, vart skoten og drepen. Medlemmane i kibbutzen tok til våpen og klarte å drepe dei fire terroristane i ei skotutveksling.

Målet til terroristane var å ta israelske gislar i byte mot 100 fengsla terroristar.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/northern/zefat/0366__shamir/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003406.
  2. "Armed Struggle and the Search for State", Y. Sayigh, p.341
  3. CBS evening news Jun 13, 1974 Vanderbilt Television News Archive

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]