Shanghai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shanghai
Panorama av Pudong.
Panorama av Pudong.
Styresmakter
Land Folkerepublikken Kina
Borgarmeister Han Zheng
Geografi
Flatevidd
 - By

7,037 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)

23,800,000
Koordinatar 31°12′″N 121°30′″EKoordinatar: 31°12′″N 121°30′″E
Høgd over havet 4 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 200000 – 202100
Telefon-retningsnummer 21
Heimeside: http://shanghai.gov.cn

Shanghai (Shànghăi, Zanhe) er den største byen i Kina og verdas største hamneby. Folketalet i provinsen er anslått til 19 213 200 innbyggjarar (31. desember 2009), inkludert forstader. Innanfor bygrensene er det minst 9,3 mill. innbyggjarar.

Shanghai er ein byprovins, ein «regjeringsumiddelbar by», dvs. som er direkte understilt sentralregjeringa i Kina og har same status som ein provins.

Byen har stor historisk betydning, men i dag blir byen først og fremst knytt til stor økonomisk vekst. Bydelen Pudong er det finansielle sentret i Shanghai og har vakse fram som eit av verdas fremste økonomiske område.

Namnet Shanghai[endre | endre wikiteksten]

Dei to kinesiske skriftteikna for bynavnet «Shanghai» betyr «opp/over» og «hav». Første gongen ein kjem over dette namnet er under Song-dynastiet. Da er «Shanghai» namnet både på staden der to elvar flyt saman, og for ein liten by på denne staden. Det er uklart korleis namnet vart til og korleis det skal tolkast.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Shanghai er delt inn i 19 einingar på fylkesnivå: 18 distrikt og eitt fylke.

Ni av distrikta dekkjer «Puxi», som er dei eldre delane av Shanghai sine bymessige delar og forstader på vestbreidda av elva Huangpu:

«Pudong», eller dei nyare delane av Shanghai sine bymessige delar og forstader på austbreidda av Huangpu, er eit eige distrikt med namnet Pudong. Før 1992 heitte det Chuansha fylke.

Åtte distrikt dekkjer forstader, satellittbyar og landlege område lengre vekk frå bykjerna:

Chongming-øya, ved osen av Yangtzeelva, er styrt av Chongming fylke (Chóngmíng Xiàn).

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.