Shanhaiguan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shanhaiguan (Shanhai-passet) ligg i dag i ein sektor av byen Qinhuangdao i Hebei-provinsen i Folkerepublikken Kina. På norsk tyder namnet fjell- og havpasset. Det utgjer austenden av Den store kinesiske mur, og er eit populært turistmål. Shanhai-passet er om lag 300 km aust for Beijing.
Den første port under himmelen er og besøkt av turistar. Den staden der muren når ned til Stillehavet (i Bohai-bukta) har fått tilnamnet Den gamle dragens hovud.
Her var i lange tider under Kinas historie forsvarsgrensa mot stammene i Mandsjuria (som khitanarne, jursjenarne og mandsjuane).