Shannonelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shannon
Shannon nær Limerick i Republikken Irland
Shannon nær Limerick i Republikken Irland
Utspring Cuilcagh Mountain i County Cavan
Munning Atlanterhavet via Shannon-estuaret
Land i nedslagsfelt Republikken Irland
Lengd 386 km
Sideelvar Suck, Brosna
Kart over Shannon
Shannon-brua i Offaly

Shannon (irsk Sionainn, alternativt Sionna) er den lengste elva på Irland og i Storbritannia med ei lengd på 386 km. Ho deler vestlege område av Irland (hovudsakleg provinsen Connacht) frå austlege og sørlege område (Leinster og det meste av Munster). County Clare er det største unntaket og ligg vest for Shannon, men er ein del av Munster. Elva er ein stor fysisk hindring mellom aust og vest med mindre enn tjue kryssingspunkt mellom byen Limerick i sør og byen Carrick on Shannon i nord.

Elva har vore ein viktig vassveg sidan antikken og vart først sett på kartet av Klaudios Ptolemaios. Elva renn hovudsakleg sørover frå Shannon Pot i County Cavan før ho snur vestover og munnar ut i Atlanterhavet gjennom det 113 km lange Shannon-estuaret. Limerick ligg der elva møter sjøvatnet i estuaret. Ho vert ikkje påverka av tidvatn aust for Limerick.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelda til Shannon ligg i Cuilcaghfjella sør i County Fermanagh i Nord-Irland, og frå her renn ho gjennom Shannon Cave og dukkar opp att i Shannon Pot i County Cavan. Elva renn gjennom eller mellom tretten av grevskapa på Irland. Av innsjøar langs Shannon finn ein mellom anna Lough Allen, Lough Ree og Lough Derg. Av sideelvar finn ein Inny, Suck og Brosna.

Kanalar[endre | endre wikiteksten]

Det er mange kanalar som er forbunde til Shannon. Royal Canal og Grand Canal går frå Shannon til Dublin og Irskesjøen. Ho er forbunde til elva Erne og Lough Erne via Shannon-Erne Waterway. Ballinasloe er forbunde til Shannon via Suck og ein kanal, medan Boyle er forbunde via til elva via Boyle canal, elva Boyle og Lough Kee. I tillegg har ein kanalen Ardnacrusha som går til Ardnacrushadammen sør for Lough Derg. Landsbyen Lecarrow i County Roscommon er forbunde til Lough Ree via Lecarrow canal. Jamestown Canal dannar ein link til Shannon frå sør for Jamestown til Lough Nanoge sør for Drumsna.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elva fekk sitt noverande elveleie omkring slutten av den siste istida. Vikingar slo seg ned i området på 900-talet og nytta elva til å plynde rike kloster langt inne i landet. I 937 braka vikingar frå Limerick i saman med dei frå Dublin ved Lough Ree og tapte.

Påp 1600-talet var Shannon svært strategisk viktig i militære felttog på Irland, sidan ho danna ei fysisk grense mellom aust og vest i landet. Under den irske sambandskrigen i 1641-1653 trekte irane seg tilbake til andre sida av Shannon i 1650 og haldt ut i ytterlegare to år mot dei engelske parlamentariske styrkane. I førebuinga til nybyggjinga eller opprettinga av plantasjane på Irland etter Cromwell si erorbring av Irland skal Oliver Cromwell visstnok ha sagt at dei gjenverande irske landeigarane kunne dra til «Helvete eller Connacht», og refererte til at dei anten kunne emigrere vest for Shannon eller døy. Slik frigjorde han land for dei komande engelske busetjarane.

Under den vilhelminske krigen i Irland (1689-1691) trekte òg jakobittane seg tilbake til andre sida av Shannon etter dei tapte slaget ved Boyne i 1690. Athlone og Limerick, byar med bruer over elva, var åstad for blodige slag (omleiringa av Limerick og omleieringa av Athlone).

Så seint som under Påskeopprøret i 1916 plana leiarane av opprøret at styrkane deira i vest skulle «halde linja ved Shannon». Opprørarane var derimot ikkje godt nok utstyrt eller hadde nok våpen til å utføre forsøket.

Den vakre Shannonelva er nært knytt til samfunnet, kulturen, militæret, økonomien og den politiske historia til Irland.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Trass i at Shannon er meir enn 300 km lang stig ho berre til ei høgd på 76 meter over havet, så elva er framkommeleg over nesten heile lengda med berre eit par sluser her og der. Det ligg eit vasskraftverk ved Ardnacrusha.

Skipsfart i elvemunningen har utvikla seg mykje i 1980-åra med investeringar på over 2,5 milliardar euro. Ein tankskipterminal ved Foynes og ein kai for lasting av olje vart bygd ved Shannon Airport. I 1982 vart det bygd ein aluminiumsfabrikk ved Aughinish.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]