Shantou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shantous plassering i Guangdong
Utsyn mot hamnebyen Shantou
Frå bysentrum i Shantou

Shantou (kinesisk: 汕頭; pinyin: Shàntóu) er eit byprefektur aust i provinsen Guangdong ved Kinas kyst mot Sørkinahavet. Byprefekturet har eit areal på 2 064 km² og 5 065 700 innbyggjarar (2010). Mellom 98% og 99% av innbyggjarane bur i byområdet. Byprefekturet Shantou består av seks distrikt og eitt fylke. Shantou har i lang tid vore ein viktig hamneby.

Shantou var ei av dei første «særlege økonomiske sonene» i Folkerepublikken Kina. I motsetnad til dei fleste andre byane, så som Shenzhen, Xiamen og Zhuhai, fekk byen lite ut av særordninga. Byen har det einaste universitetet i den nordaustre delen av Guangdong.

Språket teochew, eit minnanspråk, har sitt kjernområde i denne delen av Kina.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 206 har sitt endepunkt i Shantou. Han går frå kystbyen Yantai i nord til kystbyen Shantou. Vegen går gjennom provinsane Shandong, Jiangsu, Anhui, Jiangxi og til Guangdong. Også Kinas riksveg 324 fører gjennom området. Han går frå Fuzhou i provinsen Fujian og gjennom provinsane Guangdong, Guangxi, Guizhou, og endar i Kunming i Yunnan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Shantou var lenge ein fiskarlandsby under byen Tuojiang i Jieyang-distriktet under Song-dynastiet (960-1279). Under Yuan-dynastiet voks den til byen Xialing. I 1563 var Shantou del av Chenghai-distriktet i Chao-prefekturet i Chaozhou. Så tidleg som i 1574 fekk Shantou tilnamnet Shashan Ping. På 1600-talet vart det laga ein kanonplattform kalla Shashan Toupaotai i byen.

Shantou fekk moderne bystatus i 1919, og vart utskilt frå Chenghai i 1921. Mellom 1983 og 1989 var det omvendt, Shantou administerte då nabobyen, den gamle handelsmetropolen Chaozhou.

Dei fleste innbyggjarane identifiserer seg som teochew. Det er også mange hakkaer, særleg i distrikta Chaoyang og Chaonan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]