Shanwei
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shanwei (kinesisk: 汕尾; pinyin: Shànwěi) er eit byprefektur aust i provinsen Guangdong ved Kinas kyst mot Sørkinahavet. Prefekturet har eit areal 5 271 km² og eit folketal på 2,13 millionar. Byprefekturet Shanwei består av eitt distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).
Byen Shanwei ligg om lag 120 kilometer aust for Shenzhen.
Næring [endre]
Vikitige næringsgreiner i Shanwei er landbruk med ris og poteter og fiskeri. Industrien er dominert av skipsbyggjing, sjømat og fiskeutstyr. Shanwei er elles ein viktig produsent av salt.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Shanwei» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Shanwei» frå Wikipedia på tysk, den 8. april 2012.