Shanxi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shānxī i Kina

Shanxi (kinesisk skrift 山西, pinyin Shānxī) er ein provins nord i Folkerepublikken Kina. Han vert ofte forveksla med naboprovinsen Shaanxi i vest. Namnet tyder «vest for fjella», noko som viser til at provinsen ligg vest for fjellkjeda Taihang Shan. Namneforkortinga Jin (晋) går tilbake til oldtidssstaten Jin som låg i same området. Shanxi grensar mot Hebei i aust, Henan i sør, Shaanxi i vest, og Indre Mongolia i nord. Taiyuan er hovudstad i provinsen. Han har eit flatemål på 156 800 km². Folketalet er 34,27 millionar (2010).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Shanxi ligg mellom det nordkinesiske bekkenet og elva Huang He, om lag halvvegs på sin veg mot havet. I nord går den kinesiske muren langs det meste av grensa.

Ein større del av provinsen ligg høgre enn 1 000 meter over havnivå. Fjell utgjer 67,5 % av flatemålet i provinsen, dei ligg fram om alt i nordaust. Dominerande fjellområde er Lüliang Shan (2 831 moh), Taihang Shan (2 322 moh), Wutai Shan (3 058 moh), Heng Shan (2 017 moh) og Taiyue Shan (2 567 moh). Shanxi ligg aust for løssplatået.

Største elvane er Huang He, Fen He, Sanggang He og Hutuo He. Største byane ved sidan av hovudstaden Taiyuan er Datong, Yuci, Yangquan, Changzhi, Linfen, Jincheng og Yuncheng.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Shanxi er kaldt og turt. Middeltemperaturen i nord er i kring 5 °C, medan han i sør er kring 15 °C. Nord har einast fire frostfrie månader. I sør er minst sju månader frostfrie. Årsnedbøren aukar frå nordvest mot søraust og er på mellom 350-700 mm. Om lag 60 % av nedbøren kjem om sommaren.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folketeljinga 2002 registrerte 32 368 083 hankinesarar (99,68 %). Dei andre folkegruppene er hui med 0,19 % av befolkninga, mandsjurane med 0,04 %, mongolane med 0,03 % og miao med 0,01 %.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Provinsen har svært rike førekomstar av kol og andre råstoff. Mellom desse er bauxitt, kopar, aluminium og svovel. Kolfelta utgjer 37 % av flatevidda i provinsen, og består av 200 milliardar tonn, ein tredel av alle kolreservane i Kina. Kol frå Shanxi vert selt til meir enn 20 av dei kinesiske provinsane.

Viktige næringsgreiner i Shanxi er vidareforedling av stål, bygging av maskinar, kjemisk industri og tekstilindustri, samt eksport av bomull.

Landbruket er basert på produksjon av kveite, hirse og Gaoliang (ein slag sorghum-hirse) dyrka i terrassar, dessutan svineavl.

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Shanxi er oppdelt i 11 prefektur, alle byprefektur.

Kart # Namn Hanzi Pinyin Administrativt sete
Shanxi prfc map.png
1 Taiyuan 太原市 Tàiyuán Shì Xinghualing
2 Changzhi 长治市 Chángzhì Shì Bydistriktet
3 Datong 大同市 Dàtóng Shì Bydistriktet
4 Jincheng 晋城市 Jìnchéng Shì Bydistriktet
5 Jinzhong 晋中市 Jìnzhōng Shì Yuci
6 Linfen 临汾市 Línfén Shì Yaodu
7 Lüliang 吕梁市 Lǚliáng Shì Lishi
8 Shuozhou 朔州市 Shuòzhōu Shì Shuocheng
9 Xinzhou 忻州市 Xīnzhōu Shì Xinfu
10 Yangquan 阳泉市 Yángquán Shì Bydistriktet
11 Yuncheng 运城市 Yùnchéng Shì Yanhu

Dei 11 prefektura er oppdelt i til saman 119 einingar på fylkesnivå. Av desse er 23 distrikt, 11 byfylke og 85 fylke). Desse er så oppdelt i til saman 1 386 einingar på kommunenivå (564 bykommunar, 634 landkommunar og 188 subdistrikt).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Shanxi er ei av voggene til den kinesiske kulturen. Mellom anna utvikla det tidlege Xia-dynastiet seg i Shanxi. Særleg den fruktbare, sørlege delen av Shanxi med si løssjord høyrde til kjernen i den kinesisiske kulturen. Arkeologiske funn i den nordlege delen av provinsen provar at områda der vart innlemma i den kinesiske kulturen under Zhou-dynastiet (1100-771 f.Kr.)

Det meste av Shanxi var del av kongeriket Jin. Ved innleiinga til 'tida til dei stridande rika' (år 403 f.Kr.) vart landområdet delt mellom rika Han, Zhao og Wei. Etter Kinas samling under Qin Shi Huangdi var området vedvarande ein del av Kina. Under Han-dynastiet byrja gruvedrifta etter kol i området rundt Datong.

Også Shanxi vart i 1556 råka av det store jordskjelvet i Shaanxi.

I 1900 spreidde boksaroppstanden seg inn i Shanxi. Etter revolusjonen i 1911 vart provinsen styrt av og gjenoppbygd under militærguvernøren Yan Xishan. Frå 1937 til 1945 var Shanxi okkupert av japanesarane. Etter 2. verdskrigen tok Yan makta på ny, til dels støtta av japanske overløparar. Kommunistiske styrkar under Mao Zedong greip makta i 1947, styrkane braut seg fram frå baseområdet sitt rundt Yan'an i det nordlege Shaanxi. Yan flykta i 1949 til Taiwan, der han vart statsminister.

Shanxi var i hundrevis av år eit sentrum for handel og bankverksemd, omgrepet «Shanxikjøpmann» var jamgodt med rikdom. I den vel bevarte byen Pingyao i Shanxi ser ein mange døme på byen sin posisjon som handels- og banksenter. Grunna si strategiske plassering i stor-Kina, var Shanxi den rikaste provinsen i det sentrale Kina. Under Qing-dynastiet var Pingyao senteret for kinesisk banknæring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]