Shaoguan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shaoguan i Guangdong
Yunmentempelet ved Shaoguan

Shaoguan (kinesisk: 韶关; pinyin: Sháoguān) er eit byprefektur i innlandet, nord i provinsen Guangdong i Kina. Prefekturet har eit areal 18 380 km² og hadde i 2004 om lag 3,15 millionar innbyggjarar. Byprefekturet Shaoguan består av tre distrikt, to byfylke, fire fylke og eitt autonomt fylke. Sjølve byen heitte tidlegare Shaozhou.

Sentralt i sjølve byen Shaoguan står Fengcaitårnet, som vart bygt under Ming-dynastiet. Sør for tårnet, i motsett ende av ei gågate, ligg Dajianklosteret som vart bygt frå 660.

I distriktet Qujiang ligg byen Maba, kjent for funnet av Mabamannen, kalla «Kinas neandertalar». Nær ved er Nan Hua-tempelet, som skal ha vore zenbuddhismen si vogge om lag år 700 e.Kr. Det store jarn- og stålverk i prefekturet ligg også nær Maba.

Jarnbane[endre | endre wikiteksten]

Snøggtogruta mellom Wuhan og Guangzhou går gjennom området.

Jingguangbana, som er den tradisjonelle toglinja mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har også stoppestad her. Denne sterkt trafikkerte jarnbanelinja er også innom mellom andre Shijiazhuang, Handan, Zhengzhou, Wuhan og Changsha.

Veg[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 106 går gjennom området. Han går frå Beijing og er innom stader som Hengshui, Kaifeng, Ezhou på sin veg sør til Guangzhou i Sør-Kina. Også Kinas riksveg 323 går gjennom området. Han tek til i Ruijin i provinsen Jiangxi og fører gjennom Guangdong og Guangxi og endar opp i Lincang i Yunnan, på grensa mot Myanmar.