Sharjah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sharjah er eit emirat i Dei sameinte arabiske emirata. Det har eit areal på 2590 kkm, og hadde 890.669 innbyggjarar i 2008. Eit stort fleirtal av innbyggjarane er utanlandske statsborgarar, og flesteparten bur i hovudstaden Sharjah by.

På 1800-talet vart det underteikna ei rekkje avtalar mellom herskarane i Sharjah og Storbritannia, med det til fylgje at Sharjah vart eit britisk protektorat. Britane bygde ein militærbase her, som vart hovudkvarteret for ein paramilitær styrke.

I 1965 vart landsleiaren, Sheikh Saqr ibn Sultan fråteken makta, og nevøen Sheikh Khaled ibn Muhammad tok over. Han vart i sin tur drepen i eit kupp som var iscenesett av den avsette sultanen i 1972. Sidan dette har Sheikh Sultan ibn Muhammad al-Qasimi vore herskar/emir i Sharjah.

I 1971 gjekk Sharjah saman med seks andre småstatar og danna Dei sameinte arabiske emirata, og det britiske protektoratet vart nedlagt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]