Sharm el-Sheikh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sharm el-Sheikh
Utsyn imot Raudehavet og Tiran øy, frå Sheraton Sharm hotel.
Utsyn imot Raudehavet og Tiran øy, frå Sheraton Sharm hotel.
Kallenamn
«Fredens by»
Styresmakter
Land Egypt
Guvernør
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

28 000
Koordinatar 27°51′″N 34°16′″EKoordinatar: 27°51′″N 34°16′″E
Hotellområde i Sharm el-Sheikh

Sharm el-Sheikh (شرم الشيخ), ofte omtala som «Sharm», er ein by på sørspissen av Sinaihalvøya i Egypt, på kyststripa mellom Raudehavet og Sinaifjellet. Byen ligg om lag fire timars køyring frå Ismaïlia og tre timars køyring frå den egyptiske byen Taba. 7,5 km aust for Sharm ligg Naama bay, som er «turistbyen» der mange av hotella er lokaliserte.

Ras Mohammed (Mohammeds hovud) på den sørlege spissen av halvøya er ein nasjonalpark for å verne om landskapet og det unike dyrelivet. Korallreva her er spesielt flotte og kan berre samanliknast med korallreva i Tiranstredet, som ligg ved inngangen til Akababukta.

Dei siste åra har det vorte bygd ei rekke luksushotell for turistar i Sharm, særleg langs Raudehavet. Egypt satsar stort på å byggje ut desse turistområda, og ein ser nybygg dei fleste stadene langs kysten.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagt i 1967 av Israel etter at dei hadde okkupert området under Seksdagarskrigen. Formålet var å kontrollere kysten mellom Aqaba og Suezkanalen. Turismen har alltid vore viktig for økonomien i området, først for Israel og seinare for Egypt etter at området vart vunne tilbake. Israel trekte seg tilbake frå mesteparten av Sinai i 1982.

23. juli 2005 vart Sharm og Naama Bay utsett for ein serie bombeeksplosjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]