Shatt al-Arab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 29°55′40″N 48°37′2″E
Shat'al arab
elv
none  Shat al-arab nær Basra i Irak.
Shat al-arab nær Basra i Irak.
Land Flag of Iraq.svg Irak, Flag of Iran.svg Iran
Kjelde Tigris og Eufrat
Samløp Al-Qurnah
 - høgd moh
 - koordinatar 31°0′20″N 47°26′29″E
Munning Persiabukta
 - høgd moh
 - koordinatar 29°55′40″N 48°37′2″E
Lengd 193 km
Vassføring
 - middel 1 750 /s

Shatt al-Arab (arabisk: شط العرب, «arabarstraumen») eller Arvand (kalla اروندرود: arvandrūdpersisk), òg kalla Shatt-al-Arab-vassvegen, er ei 200 km lang elv i Sørvest-Asia, danna av Eufrat og Tigris, som renn saman i byen al-Qurnah i det sørlege Irak. Den sørlege enden av elva utgjer grensa mellom Irak og Iran ned til munningen av elva der ho renn ut i Persiabukta. Ho varierer i breidd frå 37 meter ved Basra til 800 meter ved munningen. Karun-elva, ei sideelv som sluttar seg til Shatt al-Arab frå den iranske sida, fører med seg store mengder leire i elva. Dette gjer det naudsynt å stadig drenere elva for å gjere ho seglbar. Ein trur at Shatt al-Arab er danna relativt nyleg, då Tigris og Eufrat opphavleg rann ut i bukta via ein kanal lenger vest.

Territoriale krav og usemje over navigasjonsrettar mellom Iran og Irak var blant hovudfaktorane for Iran-Irak-krigen som varte frå 1980 til 1988, då ein enda opp med same situasjon som før 1980. Dei irakiske byane Basra og Umm Qasr ligg langs elva, begge er viktige hamner, i tillegg til dei iranske byane Abadan og Khorramshahr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]