She's a Mystery to Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
She's a Mystery to Me
Singel av Roy Orbison
frå albumet Mystery Girl
Utgjeve 7. februar 1989
Sjanger Rock, Pop rock
Lengd 4:16
Selskap Virgin
Låtskrivar(ar) Bono & The Edge
Produsent Bono
Roy Orbison-kronologi 
«California Blue»
(1989)
She's a Mystery to Me «You Got It»
(1989)


«She's a Mystery to Me» er ein song av Roy Orbison på albumet Mystery Girl, som kom ut i 1989.[1] Songen vart skriven for Orbison av Bono og The Edge frå U2. Albumet Mystery Girl fekk namnet sitt frå denne sognen. Songen vart godt motteken av musikkjournalistane, som generelt meinte det var høgdepunktet på albumet.[treng kjelde]

Composition[endre | endre wikiteksten]

Ei søvnlaus natt i juni 1987 London under Joshua Tree-turneen til U2, lytta Bono til Orbison sin «In Dreams» om att og om att. Då han vakna morgonen etter starta han å skrive ein song for Orbison. Seinare på dagen song han den uferdige songen for bandet under ein lydsjekk før konserten deira på Wembley Arena. Etter konserten møtte Orbison bandet bak scenen og Bono spelte songen for han. Bono og Orbison arbeidde på songen igjen i midten av november i Los Angeles.[2] Albumet Mystery Girl vart kalla opp etter songen.[1]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen til songen vart regissert av David Fincher og vart først sendt i april 1989.[3][4] Det vart laga to versjonar av videoen og begge vart sendte på MTV og andre fjernsynskanalar. Begge versjonane syner ei jente som dreg ut på ei flyreise. I den mest populære versjonen er det ei kvinne som planlegg å dra med ein rik elskar, medan ein andletslaus hovudperson hovudsakleg vert sett i nærbilete av cowboystøvlar som ser at ho dreg utan han. I den alternative versjonen endar videoen med at dei er ei ung jente, eit barn, som går ombord på flyet, med ei eldre kvinne (som truleg er mora).

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Musikkjournalistane tok godt i mot songen. Chris Jones i BBC hylla songen og kalla han «ein sann sjeldanheit».[5] Rolling Stone kalla songen ein av dei beste på albumet. Michael Azerrad skreiv at songen høyrtes litt ut som ein U2-song og samanlikna fraseringa til Orbison til Bono si, men at syngestilen likevel avgjort var Orbison si.[6] Pitchfork Media meinte songen avslørte ting i stemma til Orbison som tyda på at han byrja å bli eldre, men skreiv at han la til «tekstur og autoritet» til songen.[7] Allmusic skreiv at songen var høgdepunktet på albumet, ein stemningsskapande ballade som var perfekt for stemma til Orbison.[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" Vinyl: Virgin Canada (VS 1485)[1]
Nr.TittelLengd
1.«She's a Mystery to Me»4:14
2.«Crying» (med k.d. lang)3:44
12" Vinyl: Virgin UK (VST 1173)[1]
Nr.TittelLengd
1.«She's a Mystery to Me»4:14
2.«Dream Baby» (Live)2:58
3.«Crying» (med K.D. Lang)3:44
5" CD: Virgin UK (VSCDT1173)[1]
Nr.TittelLengd
1.«She's a Mystery to Me»4:14
2.«Dream Baby» (Live)2:58
3.«Crying» (med K.D. Lang)3:44

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

«She's a Mystery to Me»

«Crying»

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Plassering

Position

Australia Singles Chart[10] 17
Nederlandske Topp 100[10] 19
Irish Singles Chart[11] 5
UK Singles Chart[12] 27
US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[13] 23

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «She's a Mystery to Me». U2 Wanderer. Henta 5. mars 2015. 
  2. McGee, Matt (2008). U2:A Diary. Omnibus Press. s. 105, 114. ISBN 978-1-84772-108-2. 
  3. «Filmography - Music videos». Rotten Tomatoes. Henta 20. oktober 2009. 
  4. «Roy Orbison - She's a Mystery to Me». Mvdbase. Arkivert frå originalen 8. oktober 2012. Henta 7. august 2009. 
  5. Jones, Chris (13. oktober 2008). «He will always be the Big O». BBC. Henta 5. mars 2015. 
  6. Azerrad, Michael (23. mars 1989). «Roy Orbison - Mystery Girl». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 16. november 2009. Henta 5. mars 2015. 
  7. Deusner, Stephen (11. desember 2008). «Roy Orbison - The Soul of Rock and Roll». Pitchfork. Henta 5. mars 2015. 
  8. Iyengar, Vik. «Mystery Girl - Roy Orbison». Allmusic. Henta 5. mars 2015. 
  9. «Roy Orbison - She's A Mystery To Me». Discogs. Henta 5. mars 2015. 
  10. 10,0 10,1 «Roy Orbison - She's a Mystery to Me». Swiss Charts. Henta 5. mars 2015. 
  11. «Search the charts». Irish Charts. Henta 5. mars 2015.  Note: Need to manually search for «She's a Mystery to Me» in the field «Search by Song Title".
  12. «She's a Mystery to Me». Chart Stats. Henta 5. mars 2015. 
  13. «Roy Orbison - Chart history». Billboard. Henta 5. mars 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]