Animals av Pink Floyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sheep av Pink Floyd)
Animals
Studioalbum av Pink Floyd
Språk engelsk
Utgjeve 23. januar 1977
Innspelt April–desember 1976
Studio Britannia Row Studios i London
Sjanger
Lengd 41:40
Selskap
Produsent Pink Floyd
Pink Floyd-kronologi 
Wish You Were Here
(1975)
Animals The Wall
(1979)


Animals er det tiande studioalbumet til den engelske rockegruppa Pink Floyd, gjeve ut den 21. januar 1977 via Harvest og Columbia Records. Det vart spelt inn i bandet sitt Britannia Row Studios i London gjennom 1976 og vart produsert av bandet sjølv. Albumet held fram med dei lange komposisjonane som danna mange av dei tidlegare platene deira, inkludert Wish You Were Here (1975). Albumet fekk positive meldingar då det kom, selde godt og nådde høvesvis andre- og tredjeplassen på albumlistene i Storbritannia og USA. Sidan utgjevinga har det seld over fem millionar eksemplar verda over.

Tekstane på Animals dannar eit konseptalbum med ein skarp kritikk av dei samfunnspolitiske tilhøva i Storbritannia på slutten av 1970-åra, og markerer ei markant musikalsk endring frå dei tidlegare albuma deira. Produksjonen var prega av tidlege teikn på spenning i bandet, som seinare kulminerte med at klaverspelaren Richard Wright forlet bandet. Plateomslaget syner ein oppblåsbar gris mellom to av skorsteinane på Battersea Power Station i London, etter ein idé av bassisten og låtskrivaren i bandet, Roger Waters, og vart designa av den mangeårige samarbeidspartneren Storm Thorgerson. Det kom ingen singlar frå albumet og dei marknadsførte det gjennom In The Flesh-turneen, der ei hending fekk Waters til å hisse seg opp på publikum og danna grunnlaget for den neste plata deira, The Wall (1979).

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

I 1975 kjøpte Pink Floyd ein tre etasjar stor blokk av eit kyrkjelydshus i 35 Britannia Row i Islington, nord i London. Avtalen deira med moderselskapet til Harvest Records, EMI, om uavgrensa studiotid i byte mot ein redusert prosentdel av platesalet hadde gått ut, og dei omgjorde denne bygningen til eit platestudio og lager. Bygginga tok det meste av 1975 og i april 1976 byrja bandet arbeidet med det tiande studioalbumet sitt, Animals, i det nye studioet.[3][4]

Lydteknikar på Animals var Brian Humphries, som hadde arbeidd med bandet før,[3] og innspelinga fann stad i Britannia Row frå april til desember 1976, og fortsette inn i starten av 1977.[5] «Raving and Drooling» og «You've Got to Be Crazy», to songar som tidlegare var blitt framførte på konsertane deira og vurdert for Wish You Were Here, dukka opp att som høvesvis «Sheep» og «Dogs».[3] Dei vart omarbeidde for å passe inn i det nye konseptet, og sett på kvar side av ein annan Waters-song, «Pigs (Three Different Ones)». Med unntak av «Dogs» (skriven i lag med David Gilmour) var dei fem spora på albumet skrivne av Waters. Songen inneheld referansar til privatlivet til Waters, han var nettopp blitt gift på ny med Carolyne Anne Christie (som var gift med Rock Scully, manageren til Grateful Dead).[6] Gilmour var oppteken med sin førstefødde, og bidrog lite elles til låtskrivinga på albumet. Verken Mason eller Wright bidrog like mykje som dei hadde gjort på dei tidlegare albuma, og Animals vart det første Pink Floyd-albumet utan at Wright stod oppført som låtskrivar.[7]

Bandet hadde diskutert å brukte ein andregitarist på framtidige turnear og Snowy White vart derfor invitert inn i studio. Då Waters og Mason utan å vite det sletta ein av dei ferdige gitarsoloane til Gilmour, vart White spurt om å spele inn ein solo på «Pigs on the Wing». Sjølv om framføringa hans ikkje kom med på den endelege vinyl-utgåva, vart han nytta på 8-sporslydband-utgåva. White spelte seinare på Animals-turneen.[3] Mason hugsa at han likte å spele på Animals meir enn han hadde gjort på Wish You Were Here.[8]

Konsept[endre | endre wikiteksten]

Tekstane er laust baserte på George Orwell-romanen Animal Farm, og skildrar forskjellige samfunnsklassar som forskjellige dyr: dei stridslystne hundane, dei despotiske, omsynslause grisane og den «tanketomme saueflokken».[9] Der romanen fokuserer på stalinismen, er albumet kritisk til kompiskapitalisme og skil seg frå romanen ved at sauene til slutt trer fram og overmannar hundane.[9][10] Albumet vart utvikla frå songar som ikkje hadde noko med kvarandre å gjere, til eit konsept, som i følgje forfattaren Glenn Povey «skildrar det tilsynelatande sosiale og moralske forfallet i samfunnet, der mennesketilstanden vert samanlikna med dyr».[11]

Utanom om samfunnskritikken er albumet òg delvis eit svar til punkrock-rørsla,[12] som vart stadig meir populær som ei nihilistisk ytring mot dei rådande sosiale og politiske tilhøva, og som ein reaksjon til generell sjølvnøgdheit og nostalgi som dominerte rocken. Pink Floyd var eit opplagt mål for punkarane, særleg Johnny Rotten i The Sex Pistols, som gjekk med ei Pink Floyd-t-skjorte der orda «I hate» (eller «eg hatar») var skriven over. Lydon har sidan fortalt at han gjorde dette for moroskuld og var fan av fleire progressive rockeband på den tida. Trommeslagaren Nick Mason sa seinare at han ynskte «punkrockopprøret» velkomen og såg på det som at undergrunnsmiljøet som Pink Floyd oppstod frå var komen attende. I 1977 produserte han det andre albumet til The Damned, Music for Pleasure, i Britannia Row.[13]

I boka si Comfortably Numb frå 2008, meiner forfattaren Mark Blake at «Dogs» inneheld nokre av det beste David Gilmour gjorde; sjølv om gitaristen berre syng solovokal på denne eine songen, er framføringa hans «eksplosiv».[14] Songen har òg markante bidrag frå Wright, som nyttar liknande synthesizer-lydar som vart nytta på det førre albumet deira, Wish You Were Here.[15]

«Pigs (Three Different Ones)» har ein viss likskap til «Have a Cigar», med bluesaktig gitar og utførlege basslinjer. Av dei tre grisane songen omhandlar er det berre ein som er direkte identifisert, moralforkjemparen Mary Whitehouse, som mellom anna vert skildra som «house-proud town mouse».[16]

«Sheep» inneheld ei endra utgåve av Salme 23, som fortset den tradisjonelle «The Lord is my shepherd» med linjer som «he maketh me to hang on hooks in high places and converteth me to lamb cutlets». Mot slutten av songen gjer sauene opprør og tek livet av hundane, men vender seinare attende til heimane sine. Wight spelte introen av songen aleine på elektrisk piano, men vart ikkje oppført som låtskrivar for dette.[17]

Albumet byrjar og sluttar med kvar sin halvdel av «Pigs on the Wing», ein enkel kjærleikssong der ein får eit glimt av håp trass i sinnet som er uttrykt i dei tre andre songane på albumet. Andy Mabbett skildra dei som «ein sterk kontrast til dei tunge songane mellom seg»,[18] og dei to halvdelane av songane var kraftig inspirert av forholdet Waters hadde til den dåverande kona si.[16][19]

Innpakking[endre | endre wikiteksten]

Battersea Power Station er avbilda på plateomslaget.

Då albumet var fullført byrja arbeidet med omslaget. Hipgnosis, som designa dei tidlegare plateomslaga deira, kom med tre idear. Den eine av eit barn som går inn på soverommet til foreldra medan dei har sex: «samleie, som dyr!»[20] Det endelege konseptet vart, uvanleg nok, designa av Waters. På den tida budde han nær Clapham Common, og køyrde ofte forbi Battersea Power Station, som på den tida var i ferd med å bli nedlagd. Eit bilete av bygningen vart valt til plateomslaget, og bandet bestilte ein 13 meter stor ballong forma som ein gris (kalla Algie) av det tyske Ballon Fabrik (som tidlegare hadde bygd Zeppelin-luftskip)[21] og den australske kunstnaren Jeffrey Shaw[22]. Ballongen var fylt med helium og manøvrert inn over bygningen den 2. desember 1976 med ein skarpskyttar som skulle skyte ballongen ned om han sleit seg. Dårleg vêr gjorde at dei utsette arbeidet, og manageren Steve O'Rourke gløymde å tinge ein skarpskyttar til den andre dagen. Ballongen sleit seg og forsvann ut av syne. Grisen flaug over Heathrow, som førte til panikk og kansellerte avgangar. Pilotar skal òg ha observert grisen i lufta. Han landa til slutt i Kent og vart teken vare på av ein lokal bonde, som var rasande fordi grisen hadde skremd kyrna hans.[23] Ballongen vart henta og filminga fortsette ein tredje dag, men sidan bileta av kraftstasjonen var best den første dagen, vart desse nytta og biletet av grisen vart seinare lagt opp eit av desse.[23][24]

Under Isles of Wonder, ein kortfilm filma av Danny Boyle og vist som ein del av opningsseremonien under sommar-OL 2012 i London, sveipar kameraet nedover Themsen frå ei lita kjelde på landsbygda og heilt fram til Olympiastadion. Under denne sekvensen kan ein sjå ein gris som svevar over Battersea Power Station.[25]

Temaet på albumet går att på plateetiketten. På side ein kan ein sjå biletet av ein hund, teken med fiskeaugelense, og på side to kan ein sjå ein gris og ein sau på same vis. Skrifta på omslaget var handskriven av Mason. Inne i omslaget var svartkvittbilete av forfallet kring kraftverket.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[26]
Christgau's Record GuideB+[27]
The Daily Telegraph3/5 stars[28]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[29]
The Great Rock Discography8/10[30]
MusicHound Rock3/5[31]
Pitchfork10/10[32]
PopMatters9/10[33]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[34]

Albumet kom ut etter Capital Radio hadde spelt det to dagar tidlegare på programmet The Pink Floyd Story, og det vart halde ein pressekonferanse på kraftverket to dagar før det att.[5] Sendinga var opphavleg meint å vere eksklusiv for den London-baserte radiostasjonen, som sidan midten av desember hadde sendt The Pink Floyd Story, men ein kopi vart gjeven til John Peel, som spelte heile side ein av albumet ein dag tidlegare.[5][23]

Animals kom ut i Storbritannia 23. januar 1977[23] og i USA den 12. februar. Det nådde andreplassen på den britiske albumlista og tredjeplassen i USA.[35] Takka vere albumet og resten av katalogen til bandet, noterte The Guinness Book of British Hit Albums at «Pink Floyd slo ABBA for flest veker på lista (i 1977), 108 mot 106.»[36]

NME kalla Animals «noko av den mest ekstreme, hjarterå, opprivande og rett og slett biletstormande musikken som er blitt gjort tilgjengeleg på denne sida av sola»,[37] og Karl Dallas i Melody Maker skildra det som ein «ukomfortabel smak av røyndom i eit medium som dei siste åra har blitt stadig meir søvndyssande».[37] Frank Rose i Rolling Stone var ikkje imponert og skreiv: «Floyd i 1977 har blitt bitre og gretne. Dei klagar over falskheita i oppførselen til menneske (og så kallar songane opp etter dyr - forstår du?). Dei høyrest ut som om dei nettopp har oppdaga dette - meldingane deira har blitt meiningslause og keisame.»[38] Robert Christgau i The Village Voice gav albumet «B+» og meinte at den negative reaksjonen var altfor kynisk og resonnerte at albumet rett og slett fungerer som «velkonstruert politisk programmusikk ... lyrisk, stygt og oppkvikkande, alt på dei rette stadane».[39]

I sjølvbiografien sin Inside Out frå 2004, meiner Nick Mason at den oppfatta gretne stemninga på albumet, samanlikna med tidlegare Floyd-album, kom av ei «arbeidaraktig stemning i studio», og ein umedviten reaksjon på skuldingane frå dei tidlegare nemnde punkbanda om at Pink Floyd representerte «dinosaur-rock».[40] Rick Wright har sagt at han ikkje likte albumet og at det var starten på Roger Waters sin egotrip. Animals vart sertifisert til 4x platinaplate i USA den 31. januar 1995.[41]

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom opphavleg ut på Harvest Records i Storbritannia og Columbia Records i USA. Animals om ut på Compact Disc (CD) i 1985 i Storbritannia, og i USA i 1987. Ei digitalt ommastra utgåve kom på CD i 1994 og som ei avgrensa vinylutgåve i 1997. Ei jubileumsutgåve kom ut i USA same året, etterfølgd av ei nyutgjeving i 2000 av Capitol Records.[35] Albumet var òg med i plateboksen Shine On i 1992, Oh, By The Way i 2007 og i Why Pink Floyd...?-serien i 2011 som ein del av ein boks og som ei frittståande 'Discovery'-utgåve på CD.

Den 17. april 2018 fortalte Waters i eit intervju at det kom til å kome ein 5.1-kringlydmiks av Animals,[42] men sa ikkje når dette kom til å skje.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst er skriven av Roger Waters.

Side ein
Nr.TittelMusikkSolovokalLengd
1.«Pigs on the Wing (Part 1)»WatersWaters1:24
2.«Dogs»Gilmour, WatersGilmour, Waters17:04
Total lengd:18:28
Side to
Nr.TittelMusikkSolovokalLengd
1.«Pigs (Three Different Ones)»WatersWaters11:28
2.«Sheep»WatersWaters10:20
3.«Pigs on the Wing (Part 2)»WatersWaters1:24
Total lengd:23:12

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd[endre | endre wikiteksten]

Andre musikarar[endre | endre wikiteksten]

  • Snowy White - gitarsolo (på 8-spor-versjonen av «Pigs On the Wing»)

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Pink Floyd - produsent
  • Brian Humphries – lydteknikar
  • Roger Waters – konsept for omslaget
  • Storm Thorgerson – design av omslaget (organisator)
  • Aubrey Powell – design av omslaget (organisator), fotografi
  • Nick Mason – grafikk
  • Peter Christopherson – fotografi
  • Howard Bartrop – fotografi på framsida
  • Nic Tucker – fotografi
  • Bob Ellis – fotografi
  • Rob Brimson – fotografi
  • Colin Jones – fotografi
  • E.R.G. Amsterdam – design av oppblåsbar gris

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
Australian Albums (Kent Music Report)[43] 3
Austerrikske album (Ö3 Austria)[44] 2
Canada Top Albums/CDs (RPM)[45] 12
Nederlandske album (MegaCharts)[46] 1
Tyske album (Offizielle Top 100)[47] 1
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[48] 1
Norske album (VG-lista)[49] 2
Spanske album (AFE)[50] 1
Svenske album (Sverigetopplistan)[51] 3
Britiske album (OCC)[52] 2
US Billboard 200[53] 3
Liste (2006) Plassering
Italienske album (FIMI)[54] 36
Liste (2010) Plassering
Italienske album (FIMI)[55] 79
Liste (2011) Plassering
Franske album (SNEP)[56] 80
Norske album (VG-lista)[57] 37
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[58] 71
Liste (2012) Plassering
Spanske album (PROMUSICAE)[59] 76
Liste (2018) Plassering
Polske album (ZPAV)[60] 38

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[61] Gull 25 000x
Canada (Music Canada)[62] 2× Platina 200 000^
Frankrike (SNEP)[63] Platina 400 000*
Tyskland (BVMI)[64] Platina 500 000^
Italia (FIMI)[65] Gull 50 000*
Storbritannia (BPI)[66] Gull 100 000^
USA (RIAA)[67] 4× Platina 4 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Greene, Andy (16. august 2013). «Weekend Rock Question: What Is the Best Prog Rock Album of the 1970s?». Rolling Stone (New York). Arkivert frå originalen 16. november 2017. Henta 3. juli 2019. 
  2. DeRiso, Nick (23. januar 2017). «Revisiting Pink Floyd's Political and Muscular 'Animals'». Ultimate Classic Rock. Henta 3. juli 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Mason 2005, s. 218–220
  4. Blake 2008, s. 239
  5. 5,0 5,1 5,2 Povey 2007, s. 208
  6. Blake 2008, s. 244–245
  7. Blake 2008, s. 242–243
  8. Mason 2005, s. 220
  9. 9,0 9,1 Schaffner 1991, s. 199
  10. Blake 2008, s. 241–242
  11. Povey 2007, s. 200
  12. Browne, Pat (15. juni 2001), «Pink Floyd», The guide to United States popular culture, s. 610, ISBN 978-0-87972-821-2 
  13. Schaffner 1991, s. 194–196
  14. Blake 2008, s. 243
  15. Shea 2009, s. 94
  16. 16,0 16,1 Blake 2008, s. 243–244
  17. Shea 2009, s. 91
  18. Mabbett 1995, s. 70
  19. Mabbett 1995, s. 70–71
  20. Blake 2008, s. 245
  21. Povey 2007, s. 201
  22. Jeffrey Shaw, Pig for Pink Floyd, medienkunstnetz.de, henta 21. mai 2009 
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 Blake 2008, s. 246
  24. Mason 2005, s. 223–225
  25. «Opening Ceremony: The Isles of Wonder – Video». NBC Olympics. Henta 3. juli 2019. 
  26. Erlewine, Stephen Thomas. Animals av Pink FloydAllmusic. Henta 3. juli 2019.
  27. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: P». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 3. juli 2019 – via robertchristgau.com. 
  28. McCormick, Neil (20. mai 2014). «Pink Floyd's 14 studioalbums rated». The Daily Telegraph (London). Henta 3. juli 2019. 
  29. Larkin 2011, s. 2065–66.
  30. «Pink Floyd Animals». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 22. september 2015. Henta 13. juni 2019. 
  31. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 872. ISBN 1-57859-061-2. 
  32. Album review, pitchfork.com, henta 4. juli 2011 
  33. Garratt, John (22. november 2011). «Pink Floyd: Animals». PopMatters. Henta 3. juli 2019. 
  34. Sheffield, Rob (2. november 2004). «Pink Floyd: Album Guide». Rolling Stone. Wenner Media, Fireside Books. Arkivert frå originalen 17. februar 2011. Henta 3. juli 2019. 
  35. 35,0 35,1 Povey 2007, s. 347
  36. *Roberts, David (editor). The Guinness Book of British Hit Albums, p18. Guinness Publishing Ltd. 7th edition (1996). ISBN 0-85112-619-7
  37. 37,0 37,1 Blake 2008, s. 247
  38. Rose, Frank (24. mars 1977), Pink Floyd Animals, rollingstone.com, archived at web.archive.org, arkivert frå originalen 18. juni 2008, henta 3. juli 2019 
  39. Christgau, Robert (25. april 1977). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 3. juli 2019. 
  40. Mason 2005, s. 220–221
  41. Searchable database, riaa.com, arkivert frå originalen 26. juni 2007, henta 3. juli 2019 
  42. Sinclair, Paul (17. april 2018). «Roger Waters: Pink Floyd’s ‘Animals’ will be reissued in 5.1 surround sound». Super Deluxe Edition. Henta 20. april 2018. «In an interview with Dutch radio station NPO Radio 2, Waters briefly mentions the artwork for Wish You Were Here before telling the host: “I’ve just been working with Po [Aubrey Powell]. There’s a reissue of Animals, I think, a 5.1 remix of Animals, and so he came up with some new photographs of Battersea Power Station, as it is now, to use as a CD cover for the new 5.1 mix. It’s beautiful”» 
  43. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). St. Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 233. ISBN 0-646-11917-6. 
  44. "Pink Floyd - Animals" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 3. juli 2019.
  45. "Top RPM Albums: Nummer 5269a". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 3. juli 2019.
  46. "Pink Floyd – Animals". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 3. juli 2019.
  47. «15.04.1977». Musikmarkt (Musikmarkt GmbH & Co. KG). Henta 3. juli 2019. 
  48. «New Zealand charts portal (27/03/1977)». charts.org.nz. Henta 3. juli 2019. 
  49. «Norwegian charts portal (11/1977)». norwegiancharts.com. Henta 3. juli 2019. 
  50. «Hits of the World - Spain». Billboard. Nielsen Business Media, Inc. 30. april 1977. Henta 7. september 2017. 
  51. "Pink Floyd – Animals". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 3. juli 2019.
  52. "Pink Floyd | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 3. juli 2019.
  53. "Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard 200 for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 3. juli 2019.
  54. «Archivio - Album - Classifica settimanale WK 30 (dal 24-07-2006 al 30-07-2006)». Federation of the Italian Music Industry. Henta 22. juni 2016. 
  55. «Archivio - Album - Classifica settimanale WK 44 (dal 01-11-2010 al 07-11-2010)». Federation of the Italian Music Industry. Henta 3. juli 2019. 
  56. «Les charts francais (01/10/2011)». lescharts.com. Henta 3. juli 2019. 
  57. «Norwegian charts portal (39/2011)». norwegiancharts.com. Henta 3. juli 2019. 
  58. "Pink Floyd – Animals". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 3. juli 2019.
  59. "Pink Floyd – Animals". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 3. juli 2019.
  60. "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry. Henta 14. juni 2018.
  61. «Austrian album salstrofé – Pink Floyd – Animals» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 3. juli 2019.  Enter Pink Floyd in the field Interpret. Enter Animals in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  62. «Canadian album salstrofé – Pink Floyd – Animals». Music Canada. Henta 3. juli 2019. 
  63. «French album salstrofé – Pink Floyd – Animals» (på fransk). InfoDisc. Henta 3. juli 2019.  Select PINK FLOYD and click OK
  64. «Gold-/Platin-Datenbank (Pink Floyd; 'Animals')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 3. juli 2019. 
  65. «Italian album salstrofé – Pink Floyd – Animals» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 3. juli 2019.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Pink Floyd in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  66. «British album salstrofé – Pink Floyd – Animals». British Phonographic Industry. Henta 3. juli 2019.  Enter Animals in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  67. «American album salstrofé – Pink Floyd – Animals». Recording Industry Association of America. Henta 3. juli 2019.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Animals av Pink Floyd