Shefa-'Amr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shefa-'Amr
شفاعمرو, שְׁפַרְעָם
by
Våpenskjold
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°48′20″N 35°10′10″E / 32.80556°N 35.16944°E / 32.80556; 35.16944
Areal 19,77 km²
Folketal 38 343  (2012)
Folketettleik 1 939 / km²
Borgarmeister Amin Enbtawi
Kart
Shefa-'Amr
32°48′20″N 35°10′10″E / 32.805555555556°N 35.169444444444°E / 32.805555555556; 35.169444444444
Wikimedia Commons: Shefa-'Amr

Shefa-'Amr, òg skrive Shefar'am (arabisk شفاعمرو, Šafāʻamr, hebraisk שְׁפַרְעָם, Šəfarʻam) er ein hovudsakleg arabarar by i Nord distrikt i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde byen på slutten av 2009 eit folketal på 35 300. Folkesetnaden er ei blanding av sunnimuslimar, kristne og drusarar.[1]

Shefa-'Amr ligg ved inngangen til Galilea, 13 km frå Middelhavet og 20 km frå kvar av dei tre byane Haifa, Akko og Nasaret, der mange av innbyggjarane arbeider.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Nordvestlege Shefa-'Amr

Edward Palmer skreiv i 1881 at namnet tydde 'kanten av 'Amr', og var ei omforming av hebraisk Shafram, שְׁפַרְעָם. Lokalt blei det tolka som å tyda 'lækjinga av 'Amer (ed Dhaher)', som var ein palestinsk leiar på 1700-talet.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn indikerer at området kring Shefa-'Amr har vore busett i lange tider. Det er uklårt kven dei første innbyggjarane var, men dei kan ha vore kanaanittar. Shefa-'Amr er nemnt i Talmud som ein av byane som der den jødiske sanhedrin var.[3] Han er nemnt igjen i samanheng med det jødiske opprøret mot romarane, og det er funne graver og leivningar i grotter daterte til romartida.[4]

Det finst bysantinske ruinar i Shefa-'Amr, som ei kyrkje og graver.[5]

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Under krossfararane vart staden kalla Safran, Sapharanum, Castrum Zafetanum, Saphar castrum eller Cafram.[6] Landsbyen (kalla «Shafar Am) vart nytta av Saladin som militærbase for åtaka på Akko.[7] I 1229 vart staden attende hos krossfararane, og dette vart stadfesta i fresavtalar med sultan Baibars i 1271 og med Qulawun i 1283. Han kom under mamelukkane i 1291.[8]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i osmansk styre i Galilea, i 1564, vart inntekter frå landsbyen Shefa-'Amr nytta til å lage ein ny waqf kalla Hasseki Sultan Imaret i Jerusalem, bygd av Hasseki Hurrem Sultan (Roxelana), kona til Suleiman den store.[9]

På 1700-talet vart Shefa-'Amr eit regionssenter for bomullsproduksjon.[10] A definite indication of a Jewish presence in Shefa'amr was i 1700-talet.[11]

I 1877 vart det rapportert at innbyggjarane i byen hovudsakleg var drusarar, med nokre få muslimar og kristne. I 1850 hadde 30 jødiske familiar flytta her. Drusarane i byen flytta hovudsakleg austover til Hauransletta i 1880-åra for å unngå verneplikt i Det osmanske riket.[12]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Shfaram kring 1910.

I 1948 vart Shefa-'Amr erobra av det israelske forsvaret under den første fasen av Operasjon Dekel, 8–14. juli. Drusarane samarbeidde aktivt med IDF. Den muslimsk bydelen vart utsett for kraftige bombeåtak og tusenvis flykta til Saffuriyeh. Etter Nasaret fall, fekk somme av flyktningane lov å vende heim att.[13] Folkesetnaden vart plassert under ein streng unntakstilstand. Det militær styret varte til 1966.

I 2004 braut det ut ein konflikt mellom drusarane og dei kristne i byen, etter at ein mann tok livet av svigerdottera si, som då var enke.[14] Opprør spreidde seg over heile byen og det israelske politiet måtte fleire gonger gå i mellom dei to gruppene. Sporadiske slagsmål skjedde sporadisk over fleire månader før dei to gruppene slutta fred med kvarandre i 2009.[14]

Den 4. august 2005 opna ein israelsk soldat på tjuvperm eld ombord på ein buss i byen, tok livet av fire arabarar og skadde 22 andre. Etter skota kasta folk seg over han, og han vart lynsja og slått med steinar. 40 000 menneske møtte opp i gravferda til offera, som var to muslimske systrer og to katolske menn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. Arkivert frå originalen (PDF) 21. november 2010. Henta 17. oktober 2014. 
  2. Palmer, 1881, s.116
  3. Talmud Bavli Rosh Hashana. s. 31b. 
  4. Atrash, 2016, Shefar‘am, Highway 79
  5. Conder, Claude Reignier and H.H. Kitchener: The Survey of Western Palestine. London: Committee of the Palestine Exploration Fund. (1881) I:343, Guerin, I, 414, TIR, 230. Alt sitert i Petersen, 2001, s.276
  6. Denys Pringle (1997). Secular buildings in the Crusader Kingdom of Jerusalem : an archaeological gazetteer. Cambridge: Cambridge University Press. s. 125. ISBN 0-521-46010-7. 
  7. Abu Shama RHC (or.), IV, 487. Yaqut, p304, Bege sitert i Petersen, 2001, s. 277
  8. Ibn al-Furat, Sitert i Petersen, 2001, s. 277
  9. Singer, A., 2002, s. 126
  10. Cohen, 1973, s. 128. Sitert i Petersen, 2001, s. 277
  11. Alex Carmel, Peter Schäfer and Yossi Ben-Artzi (1990). The Jewish Settlement in Palestine, 634–1881. Beihefte zum Tübinger Atlas des Vorderen Orients : Reihe B, Geisteswissenschaften; Nr. 88. Wiesbaden: Reichert. s. 94,144. 
  12. Firro, 1992, s. 168.
  13. Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinan refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.199 200,202
  14. 14,0 14,1 [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]