Sheldon Lee Glashow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sheldon Lee Glashow
Sheldon Glashow at Harvard.jpg
Fødd 5. desember 1932 (81 år)
New York i USA
Nasjonalitet USA
Institusjonar Boston University
Harvard University
Alma mater Cornell University
Harvard University
Kjend for Elektrosvak teori
Kritikk av superstrengteori
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1979)

Sheldon Lee Glashow (fødd 5. desember 1932 ) er ein amerikansk fysikar ved Harvard University i Cambridge, Massachusetts.

Glashow mottok Nobelprisen i fysikk i 1979, saman med Abdus Salam og Steven Weinberg,[1] «for bidraget deira til teorien om foreinleg svak og elektromagnetiske vekselverknader mellom elementærpartiklar, mellom anna føreseiinga av den svake nøytrale straumen»

Glashow vart fødd i New York av jødiske immigrantar frå Russland[2] og vart uteksaminert frå Bronx High School of Science i 1950. Glashow var i same avgangsklasse som Steven Weinberg. Han fekk ein bachelor of arts frå Cornell University i 1954 og ein filosofisk doktorgrad i fysikk frå Harvard University i 1959 under rettleiing frå Julian Seymour Schwinger, nobelprisvinnar i fysikk. Etter uteksamineringa vart Glashow ein del av University of California, Berkeley og jobba som førsteamanuensis frå 1962 til 1966.[3] Han var professor ved MIT i 1974.[1]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • The charm of physics (1991) ISBN 0-88318-708-6
  • From alchemy to quarks: the study of physics as a liberal art (1994) ISBN 0-534-16656-3
  • Interactions: a journey through the mind of a particle physicist and the matter of this world (1988) ISBN 0-446-51315-6
  • First workshop on grand unification: New England Center, University of New han pshire, April 10–12, 1980 redigert med Paul H. Frampton and Asim Yildiz (1980) ISBN 0-915692-31-7
  • Third Workshop on Grand Unification, University of North Carolina, Chapel Hill, April 15–17, 1982 redigert med Paul H. Frampton and Hendrik van Dam (1982) ISBN 3-7643-3105-4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]