Shelly Manne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shelly Manne

Fødd11. juni 1920
FødestadNew York by
Død26. september 1984 (64 år)
DødsstadLos Angeles
FødenamnSheldon Manne
OpphavUSA
Aktiv1939–1984
Sjangerjazz
Instrumenttrommesett
PlateselskapConcord Records, Contemporary Records
Verka somkomponist, jazztrommis, plateartist
FarMax Manne

Shelly Manne (11. juni 192026. september 1984) var ein amerikansk jazztrommeslagar som stod sentralt i utviklinga av cool-jazzen.

Manne var fødd i New York. Han var son av ein trommeslagar, og hadde sine første betalte spelejobbar på ruteskip mellom USA og Europa i slutten av 1930-åra. Frå 1940 av fekk han sjansen til å arbeide for høgre profilerte opptredenar med meir kjende swingartistar. Den første av desse var Joe Marsala, og eit par år seinare spelte han med Coleman Hawkins. Mellom 1946 og 1951 var han ein fast del av Stan Kenton sitt band, i tillegg til å ta enkelte jobbar med Charlie Ventura, Woody Herman, Jazz at the Philharmonic og sin eigen kvintett.

Mot slutten av perioden med Kenton, busette Manne seg i Los Angeles. Han vart her ein av dei mest etterspurde trommeslagarane på vestkysten, og han gjorde alt frå innspelingar med Shorty Rogers til å hjelpe Frank Sinatra med trommespelinga i filmen The Man With The Golden Arm frå 1955. Han spelte med ei mengd ulike jazzmusikarar, og vart særleg knytt til utvilkinga av «vestkystjazzen», den rolege cool jazzen som utvikla seg på vestkysten i 1950-åra. Av artistar som Manne spelte med, og som lausleg kan knytast til sjangeren, er André Previn, Jimmy Giuffre og Chet Baker. I tillegg spelte han likevel vel så mykje med artistar utanfor denne undersjangeren, inkludert fleire album med Ornette Coleman og Sonny Rollins.

I siste halvdelen av 1950-åra jobba Manne både med filmmusikk og TV, samtidig som han leia sitt eige band, Shelly Manne and his Men. I 1960 opna han ein klubb i Los Angeles, «Shelly’s Manne Hole», som var i drift fram til 1974.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]