Shepperton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Shepperton

Church Square i Shepperton
Church Square i Shepperton
Plassering
Shepperton is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Surrey
Distrikt Spelthorne
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

10 796
Koordinatar 51°24′″N 0°28′″WKoordinatar: 51°24′″N 0°28′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer TW17
Telefon-retningsnummer 0 1932
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Shepperton

Shepperton er ein liten by i distriktet Spelthorne, som ligg i Surrey i England. Han ligg ved Themsen, og blir delt i to av motorvegen M3.

Namnet kjem frå Shepherds Town, 'Sauegjetarbyen'.

Den eldste delen er området rundt Church Square. Byen har seinare vakse nordover, då det vart anlagt ein jernbanestatsjon omkring halvannen kilometer nord for sentrum. Det er togsamband til Waterloostasjonen i London.

Shepperton Studios, eit av dei viktigaste filmstudioa i England, ligg i byen. Forfattaren James Graham Ballard budde der, og H.G. Wells nemner byen i boka Klodenes krig, der han blir øydelagt.

Shepperton høyrde til grevskapet Middlesex til 1965. Då Stor-London vart ein egen region i 1965 vart det meste av Middlesex ein del av denne, medan Shepperton vart overført til Surrey.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]